Piet Hein har heilt rett

Hvis du gleder deg ved mangt, gjør du livet rikt og langt. 

Orda tilhøyrer danske Piet Hein, som i tillegg til mangt anna også var lyrikar og livskunstnar. Mest kjent er han for dei små versa sine, såkalla gruk.

Eg er på hyttetur åleine. I grått og vått ver kom eg opp til Tælastuå klokka kvart på eitt i dag. I morgon ber det ned liene igjen. Ikkje lange opphaldet denne gongen, altså. Men små friminutt er verdifulle.

Etter å ha fått på meg tørre klede, tok eg fatt på ei økt med lakkering av vindu. Ikkje optimale forhold, men arbeidet gjekk lett og lakken tørka overraskande fort i det fuktige veret.  Og heilt greit var det. Med fem grader inne i hytta og åtte – ni utanfor veggane, meldte det seg etter kvart eit behov for å skalke lukene. 

Ut på ettermiddagen kunne eg tenne opp. Vel nøgd med dagens innsats rigga eg meg til ved omnen, med radio, ei fersk avis og eit glas vin innafor rekkevidde.

Kvardagslykke. Det skal ikkje så mykje til. Tenk å kunne ha det så luksuriøst på ein måndag ettermiddag. Pensjonistprivilegium, rett og slett.

Det regnar ute, og skodda heng tjukk over Tæla. Eg kunne ikkje ha brydd meg mindre. No skal haustmørket få sige på.

Det er viktig å glede seg over mangt. Piet Hein har heilt rett. 

Kommenter innlegget