Ei viktig stemme i avislandskapet

Det er fire år sidan eg slutta i avisbransjen. Eg ser at avisene har endra seg mykje berre sidan hausten 2020. Noko har vorte betre. Andre trekk ved utviklinga kan eg styre meg for.

Eg konstaterer at vekeavisa Dag og Tid har vorte den avisa eg i dag har mest glede og nytte av å lese. Denne bloggen er meint som ein hyllest til denne spesielle planta i avisfloraen.

I ei tid der trafikkmonitorane i redaksjonane viser at tanketomme lokketitlar, sjokknyheiter og bildeseriar av folk som har vore på fotballkamp er det som må til for å få klikk, skulle ein tru at ei avis som Dag og Tid hadde omtrent like stor sjanse til å klare seg som ein snøball i Sahara. Men alle kjerringar mot straumen er ikkje daude. I 2024 er det faktisk mogleg at ei nynorskavis, fylt med lange artiklar om politikk, kultur og samfunnsspørsmål, både lever og blomstrar. Etter ti år med vekst, nådde Dag og Tid etter første halvår 2024 eit opplag på 14.752.

Ein blir nesten freista til å seie: Så var det håp, likevel. Framleis finst det eit rom for kvalitet, kunnskap og omsynet til samfunnsoppdraget. Det er til å bli i godt humør av, for ein som no har utsikta si frå hornet på veggen.

Det første nummeret av Dag og Tid kom ut i 1962, med NRK-profilen Arthur Klæbo som redaktør. Avisa er politisk uavhengig, men samtidig eit tydeleg talerøyr for motkultur og nynorsk språk. Dag og Tid er ikkje tilknytta noko konsern. Her er det ingen kommersiell eigar som krev nedpinte budsjett og maksimalt utbytte. Eigarskapet er spreidd på rundt 1.200 aksjonærar.

Gjennom mi lange fartstid i A-pressen, seinare Amedia, lærte eg mykje om dei mange fordelane som ligg i å vere tilknytta eit konsern. Utan dei store mediakonserna, ville det ha vore langt færre aviser i Norge i dag. Det er viktig å slå fast dette.

Men konsentrasjonen av eigarskap har også sine skuggesider. Vi ser at stoffutvekslinga internt i konserna, og stoffmiksen generelt, gjer avisene meir og meir like. I dag er det ikkje uvanleg å bli møtt av ei toppsak henta frå ein heilt annan del av landet, når du loggar deg inn på lokalavisa di om morgonen. Og kor mykje er redaktørane i konsernavisene eigentleg påverka av eigarane, som har bygd opp store apparat med innhaldsutviklarar, konsernredaktørar og nyheitsdirektørar? Eg er redd spørsmålet er meir relevant enn det burde ha vore.

«Framleis finst det eit rom for kvalitet, kunnskap og omsynet til samfunnsoppdraget. Det er til å bli i godt humør av, for ein som no har utsikta si frå hornet på veggen»

På bakgrunn av dette blir konklusjonen at aviser som Dag og Tid er viktigare enn nokon gong. Vi treng uavhengige publikasjonar som motvekt mot einsretting og utvatning av meiningsmangfaldet.

Journalistane sin viktigaste reiskap er språket, sjølv om det ikkje alltid ser slik ut. Dag og Tid tar språket på alvor. For den som skriv nynorsk, er det lærerikt og inspirerande å lese avisa. Noko av svaret på kvifor lesarane kan gle seg over eit godt og feilfritt språk, finst i oversikta over tilsette. Der står to medarbeidarar oppført med den antikvariske tittelen korrekturlesar. Ja, tenk det.

Dei fleste aviser kasta ut korrekturlesarane for tretti år sidan. Til å begynne med var ikkje dei negative konsekvensane så store. Så lenge folk på desken gjorde jobben sin, gjekk det nokolunde bra. Men i dag verkar det som om også desken er på veg ut, i alle fall som språkrøktar. Mykje av det avisene publiserer, ber preg av at journalistane legg stoffet sitt ut på nett i full fart, utan nokon form for kontroll. Resultatet blir deretter. Kombinasjonen av at journalistane skriv dårlegare enn før, fråver av korrekturlesarar og ein abdisert deskfunksjon, er ikkje bra for blodtrykket til lesarar som er opptekne av språk.

Kvar fredagsmorgon landar papirutgåva av Dag og Tid i postkassa. Avisa er ein slags forundringspakke, som eg alltid opnar med forventning. Sidan det er ei veke mellom kvart nummer, kan lesinga skje i fred og ro over mange dagar. Dag og Tid har også utvikla eit svært godt digitalt tilbod, med både podcast og lydartiklar. Dette med lydartiklar er rett og slett genialt. Har du ikkje tid til å sette deg i godstolen og lese på papir, kan du få artiklane servert på øyret medan du køyrer bil eller gjer eit eller anna arbeid.

Det fell lett for meg å anbefale Dag og Tid. Avisa er ei viktig stemme, som vi ikkje har råd til å miste.

Kommenter innlegget