Haustlege tankesprang frå Middelhavet til Trollheimen

Når folk er ferdige for dagen med bading og soling, kan ein få ei stille kveldsstund på strandrestauranten ManoEra på Kreta. Utsikta ut over det mektige havet gir sjelefred.

Sommaren er eigentleg ein hastig sak. I slutten av mai verkar dei ventande sommarmånadane som ei evigheit. Når hausten bankar på i byrjinga av september, konstaterer vi kvart år at den lyse årstida mest berre vart som eit kort andedrag.

Eller, er det alderen som spelar meg eit puss her? Tida går jo så mykje fortare når ein nærmar seg siste indre. Så da blir vel somrane kortare også? Ja, kanskje det. Tenker eg tilbake på barndommens somrar, var i alle fall dei veldig lange.

Uansett, kalenderen viser atter september. Greit for meg, for så vidt. Eg er eit haustmenneske, som likar mørke kveldar og ordna forhold. Det er noko velsigna fredeleg med denne årstida. Plenklipping og andre meiningslause syslar skal få kvile. Hausten er ei tid for å gire med, i staden for å gå rundt og uroe seg over alt det ein ikkje får gjort.

Her i Robinsomarka 26 har vi tilbakelagt ei dryg veke på norsk jord, etter to veker på Kreta. Vi sit att med mange gode minne i bagasjen. Varmen gjorde at sydenferien var litt rolegare enn opprinneleg planlagt. Men slikt har vi heldigvis eit avslappa forhold til. Det vi ikkje fekk gjort i år, kan vi gjere neste år. Opphaldet vart strålande, med late dagar på stranda, biltur og mange gode møte med greske og norske vener.

I landsbyen Episkopi lever dei eit heilt anna liv enn det vi nordmenn er vande med.

På Kreta har det ikkje regna på eit halvt år. Temperaturen låg konstant på 30 grader pluss, medan havet kunne tilby ein badetemperatur på 29 grader. 23. juli var middeltemperaturen for heile Middelhavet 28,71 grader. Det er ny rekord. Den gamle på 28,25 grader vart sett 23. august 2003. Om vi i klimakrisa si tid skal tillate oss å sette pris på slike toppnoteringar, er ei anna sak. Men godt å bade var det.

Klosteret i landsbyen Spili er umåteleg vakkert. Alle som vil kan gå inn i kyrkja og beundre dei mange skattane. Her er det ingen som passar på.

Strandliv gir god tid til å lese. I løpet av turen rakk eg å pløye gjennom bind 3 i Tore Rem sin store biografi om kong Olav V og boka «Et skiløperliv», ein biografi om Oddvar Brå ført i pennen av Thor Gotaas. Det vart vel til saman rundt eitt tusen sider. Eg kan anbefale begge bøkene. Dei er svært ulike. Samtidig er Olav V og Oddvar Brå på kvart sitt vis kongar.

Tore Rem er ein usedvanleg gåverik skribent, med m.a. ein framifrå biografi om Jens Bjørneboe på samvitet. Thor Gotaas er ingen utprega stilist. Han fortel historiene sine gjennom eit effektiv og kvardagsleg språk, som gjer bøkene hans lette å lese. Men lesaren må vere konsentrert. Straumen av informasjon og fakta er på grensa til intens.

Eg blir alltid imponert når eg les gode biografiar. Ein ting er å skrive teksten. I tillegg kjem arbeidet med innsamling og systematisering av alt kjeldematerialet, og ut frå dette skape ei leseverdig framstilling. Tore Rem brukta åtte og eit halvt år på å skrive trippelbiografien om kong Olav V. Det er lang tid, og ufatteleg mange timar med arbeid.

Så kan ein jo, i eit anfall av sjølvhevding, i parantes nemne at eg, Torbjørn og Erling heldt på i tolv år med våre fem bøker. Utan samanlikning, sjølvsagt. Men ein jobb var det.

Nei, no ber det visst fullstendig ut på viddene her.

Denne helga hadde eg eigentleg planlagt ein tur til Tæla. Meininga var å gå opp søndag, og vere eit par døgn. Ærendet var berre å få ein trimtur, og kjenne på hausten i fjellet. Men det blir messefall. Vermeldingane er så elendige at eg blautar, og heller konsentrerer meg om dei litt for mange skriveoppdraga eg av ein eller annan grunn har tatt på meg. Eg kjem nok aldri til å lære.

Men neste helg blir det tur. Da får eg også selskap av Mette. Vi skal kappe, kløyve og legge opp den siste veden for i år, same kva herr Yr måtte finne på å seie.

Arbeid ventar på Tæla.

Så får vi sjå korleis hausten ber av stad. Det er enno mykje att av september. Og oktober er det alltid lov å ha forventningar til for den som likar å gå i fjellet. Alle årstider har sitt eige særpreg. Den første skituren opp liene ut på etterjulsvinteren er alltid spesiell. Eit halvt år seinare går naturen til ro. Søget frå Fossåa stilnar, og kveldsmørket kjem tidleg. Hundrevis av seinhaustkveldar har eg sete åleine i hytta og mørkna ned saman med dette landskapet, som betyr så mykje for meg. Slike stunder byr på ein nesten uforklarleg fred. Som ein liten og einsleg skapning innpakka i ugjennomtrengeleg haustmørke, kjenner eg da at Tælastuå er den tryggaste plassen på heile jorda.

Haustkveld i Tælastuå.

Det gjeld å vere til stades i eige liv, uavhengig av årstid og kor ein oppheld seg på kloden. Alltid er det noko å gle seg over. Overalt skjer det små mirakel, som bidrar til å gi tilværet verdi. Hans Børli set ord på dette i diktet «Du lever». Den store lyrikaren skal få avslutte desse springande haustrefleksjonane for meg.

Du lever
Du rusler gjennom skogen,
med sol på hendene dine
som varmen av blyge kjærtegn.
Da trår du på en kongle på stien,
kjenner det mjuke trykket av den
gjennom sålen på skoen din.
En liten hendelse, så liten at
den nesten er ingenting.
Men vær hos den
med hele ditt menneske.
For det hender deg på Jorden dette.
Du lever. Lever.

Kommenter innlegget