Eit glimt av ekte liv

Sosial søndagssyssel i Episkopi.

Det er siste søndagen i august i landsbyen Episkopi på Kreta.

Vi kom køyrande dit rett etter kyrkjetid. Byen er meir som eit eventyr. Gatene er knapt breiare enn ein bil. Husa, både når det gjeld arkitektur og plassering, ville ha gitt ein kommunal paragrafrytter frå Norge nervesamanbrot. Men du verda så vakkert!

Vi tok ein matbit på en kafe midt i sentrum. Den var full av helgepynta kvinner. Dei skravla, lo og hadde det veldig triveleg saman. Etterpå fekk vi vite at det er tradisjon å møtast slik til prat og ein kaffetår når gudstenesta er over. På plassar som dette går ikkje folk kvar til sitt når presten har sagt amen. Dei tar med seg det sosiale livet vidare inn i søndagen. 

Ved eit bord eit lite stykke unna, sat nokre karar og spela kort. Om dei hadde vore i kyrkja, kan eg ikkje vite for sikkert. Men det hadde dei nok. Konsentrasjonen om spelet var intens. Praten gjekk lågmælt. Eg lurte meg til å ta eit bilde av dei. Det var kanskje ikkje så fint gjort. Men dette glimtet av ein levemåte som ligg så fjernt frå vår, fanga meg slik.  

“This is the real life”, kommenterte ein einsleg utanlandsk turist som eg veksla nokre ord med.

Han hadde så rett. Kaffestoppen vår i Episkopi var verkeleg ein smak av eit ekte liv. 

Til ettertanke. 

Denne trappa er nok ikkje heilt etter boka – etter norske forhold.

Kommenter innlegget