Ein tur utom steinutgarden

Da blir det to veker på den største av dei greske øyene igjen. Laurdag 17. august set vi kursen for Kreta. For mitt vedkomande blir det den ellevte turen til øya. Mette og eg reiser saman for åttande gongen. Som alltid er målet Platanias, som ligg om lag 12 kilometer vest for Chania.

Av og til får vi spørsmål om kvifor vi drar tilbake til den same plassen gong etter gong. Det enkle svaret er at vi har funne oss så godt til rette i Platanias. Når ein blir godt kjent på ein plass der ein trivst, så byr det på mange fordelar.

Her er nokre av dei: Vi kan nyte ferien frå første minutt når vi kjem fram, og treng ikkje å bruke dagevis på å orientere oss i ukjent landskap. Når vi på etterjulsvinteren set oss ned og bestiller tur til Kreta, har vi oversikt over kva for hotell som passar oss. Med mange turar til Platanias i bagasjen, veit vi kor dei ulike butikkane er. Vi veit om dei beste restaurantane, kva som er dei tryggaste bilutleigefirmaene og kor vi skal gå for å sjå norsk fotball på TV. Norsk fotball ser vi som regel hos norgesvenen og moldepatrioten Janis, som budde ein heil vinter på Tornes.

Dei dagane vi er på stranda, går vi alltid til Manolis på ManoEra. Han og familien har vorte våre gode vener. Her får vi det vi treng av vått og tørt, solsenger og, ikkje minst, dei daglege samtalane med Manolis og dei andre familiemedlemmane. Manolis er nysgjerrig på kva som skjer i Norge. Når det gjeld norsk og internasjonal fotball, er han alltid oppdatert. For oss er han ei stor kunnskapskjelde, som vi har lært mykje av. Så kjenner vi på stor omsorg på ManoEra. Manolis og familien er oppriktig opptatt av at vi skal ha det bra når vi ferierer på Kreta.

Om kveldane blir det ofte middag på restauranten Mythos. Også her kjenner vi beteninga godt. Framifrå service, triveleg atmosfære og god mat gjer at Mythos har vorte vår definitive favorittestaurant.

Opp gjennom åra har vi vorte kjent med fleire nordmenn som kjem att til Platanias år etter år. Det er ikkje berre vi som finn glede i å halde seg til ein plass. I ei digitalisert verd er det mogleg å halde kontakten med både norske og greske ferievener året rundt. Det er i seg sjølv ein liten rikdom, som lyser opp dagane i mørketida.

Ein sydentur kan arte seg på fleire måtar. Eg veit om folk som tykkjer det er mest stas å sole seg på stranda. Andre fartar rundt og utforskar spennande stadar og attraksjonar, som det er flust av på Kreta. Mette og eg likar begge delar.

Late dagar med ei god bok på stranda, gjerne i kombinasjon med ein lang lunsj på ManoEra, er luksus. Så er det fint å lage avbrekk i strandlivet og sjå seg rundt. Det er for så vidt ikkje nødvendig å gå lenger enn opp i hovudgata. Å sette seg ned på ein fortausrestaurant og berre sjå på folkelivet er god tidtrøyte. Det er mange rare utgåver av arten homo sapiens. Men alle er dei like mykje verdt.

Det er eit stort utval av organiserte utflukter å delta på, eller ein kan leige bil eller sykkel. Vi har hatt mange flotte og lærerike bilturar rundt om på øya. Lista med uutforska mål er framleis lang. Nokre av desse har vi tenkt å besøke i løpet av dei næraste vekene.

Ein beveger seg ikkje langt utom gatene i Platanias, før ein kjem i kontakt med det verkelege kvardagslivet på Kreta. I landsbyane oppe i fjella går livet sakte. Her kan ein stoppe på og kjøpe eit godt måltid med lokal mat. Folket er venlege, og lette å kome i kontakt med. Dei lever eit liv milevidt unna den norske overfloda. Men desse menneska har verdiar i livet sitt, som vi her oppe i oljedammen har mista på vegen mot rikdom og velstand.

Med eit areal på 8.336 kvadratkilometer, er frodige Kreta nesten fire gongar så stor som fastlands-Norges største øy, Hinnøya i Nordland/Troms. Det høgste fjellet på øya er berre nokre få meter lågare enn Galdhøpiggen. På Kreta er det 35 millionar oliventre.

Mette og eg blir av og til spurt om kvifor vi reiser til utlandet, når vi har hytte på slik ein fin plass. Eg forstår spørsmålet, men finn det eigentleg nokså meiningslaust. Det eine utelukkar ikkje det andre.

Som lesarar av Fintenkjarplassen vil vite, så har vi ei veldig sterk tilknyting til Tælastuå på Kvennbøtæla. Samtidig hindrar ikkje desse røtene at ein av og til har godt av å sjå forbi steinutgarden på stølen. Å reise, enten det er til andre stader i Norge, til ein europeisk storby eller til eit ferieparadis på Kreta, gir livet nødvendig påfyll av impulsar og ny innsikt.

Å reise er både kjekt og sunt. Statistikken viser at fleire enn vi meiner det same. Første kvartal i år gjorde vi nordmenn 1,65 millionar reiser til utlandet. Det er 270.000 fleire enn i same periode i fjor. Elendig kronekurs og dyrtid i Norge ser ikkje ut til å legge nokon dempar på verken reiselyst eller -evne. Vi sjølvgode nordmenn skulle ha reist enda meir. Det er min uærbødige påstand.

Det er ikkje mange dagane igjen til eit av årets store høgdepunkt for oss to i Robinsonmarka 26. For eigen del skal eg ein tur til Tæla først. Det blir ei natt eller to innafor steinutgarden.

Kommenter innlegget