
Mette og eg har kosa oss gjennom nok ei langhelg på hytta. Det har vore flotte dagar med prima seinsommarver. Vi strekker opphaldet til måndag. Ingen skal på jobb. Å kunne bestemme over eiga tid, er eit ubetaleleg pensjonistprivilegium.ṱ
Når kalenderen no viser august, er det eit signal om at også denne hyttesesongen, den 32. i rekka, er på veg mot oppløpssida. Sjølv om storparten av den tredje sommarmånaden står att, er teikna på at hausten nærmar seg allereie tydelege her oppe. Gulskjæret i bjørkeskogen er ikkje til å ta feil av.
Det er uvanleg tidleg. Kan årsaka vere at skogen i vår stod grøn og frodig ein månad tidlegare enn det som er vanleg? Sett frå ein lekmann sin ståstad verkar teorien truverdig. Men no har naturfag aldri vore mi sterke side.

Vi opplever ein velsigna roleg søndag på Tæla. I det fine veret først på dagen kom vi rett nok i skade for bryte helgedagsfreden med vedarbeid midt i kyrkjetida. Men vi sjenerte ingen. Her er det langt til folk. Eg lit på at Vårherre ser mellom fingrane med denne glippen, og let nåde gå for rett.
Borte i Fossafjellet beiter eit par titals sauer. Utan at dei veit det, er dei mellom Mette sine aller beste vener. Ho følger trufast med dei i kikkerten, og blir bekymra når dei forsvinn ut av syne.
Enno skal sauene nyte fridomen i ein månad. Lukkeleg uvitande er desse ålreite dyra også om at etter den tid ventar ein meir usikker lagnad. Det kunne gjerne ha vore meir sauer i terrenget her. Attgroinga aukar dramatisk, i takt med den globale oppvarminga.

Skydekket har etter kvart lagt seg lågt over Tæla denne søndag ettermiddagen. Det er regndropar i lufta. Vi har trekt inn i hytta og kostar på ein lunk på omnen. Så blir det vel middag etterkvart, akkompagnert av OL og fotball på radioen. Tælastuå er TV-fri sone. Du verda kor godt det går.
Seint ein søndag, seint i sesongen. Vi blir ei natt til, og ser fram til neste tur.