Eremitt i skodda

Den siste laurdagen i juli. Kva eg har gjort? Ingenting.

Ja, bortsett frå å sjå på skodda, da. Ho har vore her i heile dag, kvilande over eremittlivet i Tælastuå som eit fredfullt slør.

Samvitet mitt skulle ha vore svart. Men det er blankt som gull.

Dagar der ein ikkje gjer noko er verdifulle. Ein stille dag i Tælastuå er ikkje det same som å drive dank. Slike dagar handlar om å kjenne på livet. Eit ekte liv, saman med sauer i Fossafjellet. I same takt som Fossåa sin evige melodi.

Eg er glad for at denne dagen tok meg med som passasjer, og takkar for reisa. I selskap med elektronika-guruen Frantzvaag på P13 går eg inn for landing, i trygg forvissing om at ein gammal einstøing framleis trivst i eige selskap.

Kommenter innlegget