
Såg vi ikkje eit par lysglimt her nyleg? På nyheitene kom det meldingar om at Russland og Ukraina er nærare samtalar enn nokon gong. Same dag fekk vi høyre om ei fersk meiningsmåling, der Kamala Harris hadde gått forbi Donald Trump.
Så går det kanskje an å sjå for seg ei verd, der krigen i Ukraina er slutt og Donald Trump ikkje er president i USA? Mykje vatn skal renne i havet før vi veit svaret. Men det er lov å vere optimist. Håpet held oss oppe, sjølv i mørke tider. «Menneskets sterkeste egenskap er evig å håpe», skreiv forfattaren Alf Larsen.
I ein amerikansk valkamp, der republikanarane såg ut til å ha kome kraftig på offensiven, vart alt endra da ein tydeleg svekka Joe Biden kasta korta. Frå å ha vore ein nesten oppsiktsvekkande anonym visepresident, kom Kamala Harris dundrande inn på arenaen og sette ein ny dagsorden. Plutseleg er bildet snudd. No er det ei skarpskodd, intelligent kvinne med sjarm og utstråling mot to rådville halvfascistar. Dei har så langt ikkje vist andre våpen enn bruk av primitive skjellsord og injurierande pesonkarakteristikkar.
Jau, det er håp. Normalt sett betyr det lite frå eller til for oss nordmenn kven som vinn eit amerikansk presidentval. Men etter at Donald Trump kom på banen, vart situasjonen ein annan. Den ustabiliteten han er ute etter, er ikkje bra for verken Norge eller det internasjonale samfunnet. Trump er ein farleg mann.
For å gå over til noko veldig innanriks, så har eg no avslutta vikariatet for redaktør Hilde i Hustadvikingen. Eg trer tilbake til rolla som menig frilansar. Når alderen er mykje nærmare 70 enn 60, er det vel det eg passar best til. Men når det er sagt, så har det vore artige dagar. Verkeleg. Eg har skrive om stort og smått, frå indiske turistar på Atlanterhavsvegen til eit omfattande sommarintervju med ordføraren.
No er eg tilbake på Tæla. I helga blir det guttetur med ein deltakar. Når det lir mot slutten av neste veke, drar Mette og eg opp saman. Ved skal kappast, klyvast og leggast opp. Noko målingssmåtteri burde også ha vore gjort. Og ikkje minst: Livet skal levast. Det er det aller viktigaste. Vi blir ikkje arbeidslause.
Eg kom fram til Tælastuå fredag ettermiddag. Det vart ein tur med store kontrastar. Nede i Kvenndalen var det 23 grader. Frå Dompene og fram til hytta gjekk eg i ausande regn. Ikkje ein tråd på kroppen var tørr da eg kom fram. Utriveleg? Nei, tvert om. Etter ein periode med mykje kontorarbeid, vart dette ein tur til terningkast seks.

Vermeldingane for helga er ikkje all verda. Eg kunne ikkje ha brydd meg mindre. Det finst ikkje dårleg ver når ein er på hyttetur. Ikkje eingong når ein er åleine. Det handlar berre om å tilpasse seg.
Tida går fort. Snart er august her. Kirsti Sparboe skal om nokre veker, om eg ikkje tar feil, avslutte Reiseradioen med «En sommøøør er ovøøør». Eller, ein kan jo aldri vite. Alt skal forandrast no til dags. Reiseradioen er eit av mange øydelagde P1-program. Eg har gitt opp for lenge sidan. Uansett, om Kirsti syng eller ikkje, er siste program av Reiseradioen eit varsel om at hausten bankar på.
I slutten av mai ligg månadsskiftet august/septemer milevidt unna. Så er han kort, denne sommaren. Derfor gjeld det å nytte tida godt. For Mette og meg blir det, mellom ein del anna, både hytteliv og sydentur i tida som kjem. Kreta kallar. Vi ser fram til å møte våre vener på den vakre øya. Når vi kjem heim 31. august, er det plutseleg ikkje sommar lenger.
Eg ønsker meir enn gjerne september velkomen. Tru det eller ei, eg er eigentleg eit haustmenneske. Eg har slik sansen for den roa som kjem med hausten og mørke kveldar. Som ein bonus er fjellet på sitt aller finaste på denne tida.
Det er viktig å alltid ha noko å sjå fram til. Det lærte eg av ein god nabo og ven for mange år sidan. Anne Siri var sterkt plaga av sjukdom. Likevel omga ho seg på imponerande vis med ein aura av livsglede og optimisme. Dessverre er ho ikkje lenger blant oss. Anne Siri fortalte at det som heldt ho oppe, var at ho alltid ordna livet sitt slik at det var noko å gle seg til. Eg har ofte tenkt på det ho sa. Det er jo rett – og så viktig.
Om eit amerikansk presidentval er noko å sjå fram til, kan vel diskuterast. Men kampen om verdas viktigaste jobb vil heilt sikkert gi den som følger med ein spennande haust. Blir Kamala Harris president, og det i tillegg blir fred i Ukraina – ein rettferdig fred, vel å merke, har verda tatt eit historisk steg i rett retning.
Vi får sjå. No blir det fredagskveld i einsam majestet på Tæla. Her får eg gjort fint lite med det meste. Helgefreden skal få sleppe til.