
Etter ei veke på fjellet, blir det ei arbeidsøkt med lokalavis. Pensjonisten går frå det eine til det andre. Fram til neste torsdag skal eg passe butikken for redaktør Hilde, slik at ho får seg ein velfortent ferie.
Hustadvikingen fyller straks eitt år. Alle pilar peikar i rett retning. Det er utruleg artig å kunne bidra. No er det mitt ansvar at avisa i ti-elleve dagar av den såkalla agurktida leverer stoff til nytte og glede for lesarane. Samfunnet går på lågbluss om dagen. Men kjem ein seg ut blant folk, og leitar der det er stoff å finne, finn ein alltids noko å skrive om.
I dag har eg tråla kommunen sine postlister. I oktober 2020, etter 43 år i media, trudde eg at slike gjeremål var eit tilbakelagt stadium. Men ein skal aldri seie aldri. Livet er ei uforutseieleg reise. No kjenner eg atter på det vesle adrenalinkicket som ligg i å kome over ei god sak, og gleda over å sjå at; yesss – tittelen og vinklinga funka, trafikken tar av. Ein blir aldri for gammal til slikt. Tvert imot, eg trur det er helse i kvart eit kick.
No har eg stort sett ikkje gjort anna enn å skrive etter at eg vart pensjonist. Å kunne fylle på med frilansoppdrag for Hustadvikingen har berika kvardagen min. Etter nærmare førti år med leiaransvar, er det befriande å kunne arbeide utan press og krav frå alle kantar. Å levere ei sak som ein veit at er gjennomarbeidd, og ikkje eit kompromiss med klokka, gir ei kjensle som eg vel knapt fekk oppleve i mi tid som journalist og redaktør.
Med så mange år i bransjen, var eg med på mange omfattande og tøffe omstillingar. Når eg no er ute av desse prosessane, er det interessant å registrere at endringane ikkje har ført til vesentleg avisdød i landet. Digitaliseringa gir nye moglegheiter. Gjennom mediekonsernet Tvisyn ser nye aviser dagens lys her i distriktet. Hustadvikingen kom i fjor. Snart er Aukranytt oppe og går. Det er spennande, bra for lokaldemokratiet og utviklande for lokalsamfunna. All ære til Tvisyn for den satsinga dei gjer.
Den klassiske lokalavisjournalistikken har ei framtid også i den digitale tidsalderen, det er eg sikker på. Eg kjenner meg beæra over å få vere ein del av ei avis, der det å skrive referat frå fotballkampen framleis er viktigare enn å ta bilde av dei som såg på.