Eit grepa kvinnfolk

Dronning Sonja fyller 87 år 4. juli. Ho held seg, mildt sagt, veldig godt. Vi får håpe ho greier å stå på ei god stund til. Sonja gjer ein enorm innsats for både det norske monarkiet og fedrelandet.

Historia om Sonja sin veg inn i det norske kongehuset, og vidare til å bli ei populær og elska dronning, er både fascinerande og dramatisk. Da ho gifta seg med daverande kronprins Harald i 1968, hadde dei to kjempa i ni år for å bli akseptert som eit par. Kong Olav var fast bestemt på at kronprinsen skulle gifte seg med ei av eigen stand. Regjeringa var av same oppfatning, og heller ikkje ute i folket var det stemning for at kronprinsen skulle få gifte seg borgarleg. Sonja må ha kjent seg særs uønska.

Men som det står i Bibelen: Kjærleiken held ut alt, trur alt, håper alt og toler alt. I biografiane om Sonja og Harald blir dei ni åra med venting og uvisse skildra. Dei måtte verkeleg tole mykje. Til slutt gjekk det heile så langt at kronprins Harald overfor far sin gjorde det klart at om han ikkje fekk Sonja, ville han leve som ugift mann all sin dag. Kong Olav ga etter, fekk med seg dei middelaldrande mennene i regjeringskollegiet, og det vart bryllup. Resten er historie, som det heiter.

«Sonja må ha kjent seg særs uønska»

Men motgangen stoppa likevel ikkje her.  Kong Olav var gammal militær. Sonja kom til eit slott dominert av menn med same bakgrunn som svigerfaren. Eg hugsar kor sjokkert eg vart da eg las biografien «Dronningen» av Ingar Sletten Kolloen. Her får vi eit innblikk i korleis den ferske kronprinsessa vart ignorert og motarbeidd av hoffet. Da eige kontor til Sonja kom på tale, forstod ikkje kong Olav spørsmålet. Heile tjue år gjekk før Sonja fekk kontor og eigen stab.

Sonja kunne ha trekt seg tilbake i bitterheit og resignasjon. I staden valde ho å bruke kreftene på å skape si eiga rolle. Med sjarm, kunnskap og verdigheit framstår ho som ei dronning vi verkeleg har grunn til å vere stolte av. Ho er ein fantastisk representant for nasjonen vår.

Norge har fostra mange kvinnesaksforkjemparar. Sonja er ei av de største. Motbakkane ho har lagt bak seg, var brattare enn vi andre er i stand til å forstå.

Eg har alltid vore rojalist. Etter mi meining er ikkje det mindre prinsipielt enn å vere republikanar. Det handlar vel snarare om ulikt verdisyn. For mange år sidan fann eg ein artikkel i Aftenposten, der teolog og filosof Espen Ottosen skreiv: «Nylig møtte jeg følgende spørsmål i en avis: Hvorfor er det mer forkastelig at en person kan arve et land enn at en multinasjonal bedrift gis videre til neste generasjon? Jeg har fortsatt ikke funnet et godt svar. Derfor er jeg blitt tilhenger av monarkiet. Jeg kan ikke lenger se noen grunnleggende prinsipielle innvendinger mot ordningen.»

Og han heldt fram: «Dette handler om vår grunnleggende samfunnsforståelse. Jeg blir bare mer og mer skeptisk til en individualisme der vårt eneste utgangspunkt er situasjonen for enkeltmennesket. Tvert imot tror jeg at det er positivt og nødvendig å tilhøre fellesskap – en familie, et lokalsamfunn, et nasjonalt fellesskap. Og da kommer vi neppe unna at både tradisjoner og posisjoner, idealer og eiendom, vil kunne gå i arv.»

Det er vel i dette tankelandskapet også eg held til. Kongefamilien er berarar av identitet og tradisjon. Dei vidarefører felles verdier og forankring, og er heva over den smålege partipolitiske krangelen som preger kvardagen. Kongehuset har ingen annan agenda enn ønsket om å vere samlande. Vi har sett tallause døme på hvor godt dette har verka for landet vårt, frå lagnadstunge krigsår til naturkatastrofer og 22. juli 2011. Eksempla er uendeleg mange.

Dagens jubilant har ein stor del av æra for at det norske monarkiet står seg så godt. Ho er rett og slett eit grepa kvinnfolk.

Kommenter innlegget