Skal vi ikkje ha råd til noko som helst lenger?

Vi nordmenn lever i eit av dei rikaste landa i verda. Like fullt høyrer vi dagleg om politikarar som må gjere smertefulle kutt i velferdstenestene for å få endane til å møtast. Verre enn det er no, kan eg nesten ikkje hugse at det har vore.

Nyleg dekte eg kommunestyremøtet i Hustadvika for lokalavisa Hustadvikingen. Hustadvika kommune går med 200.000 kroner i underskot – kvar dag. Det er nesten ikkje til å tru. Eit omfattande omstillingsprosjekt er på gang. Det handlar om dramatiske nedskjeringar innanfor skule, barnehage, helse og eldreomsorg. Sårbare grupper får svi. I Molde fører pengemangel til store innsparingar på dei same områda som i Hustadvika. Fleire skular står for fall. Eldre blir ramma. Eg ser at politikarar og administrasjon i heimkommunen min Surnadal balar med dei same utfordringane. For sikkerheits skuld er også fylkeskommunen bankerott.

Kva er det som skjer? Kvifor er det så mykje økonomisk krise i dette landet, som rår over eit oljefond som er så stort at staten kunne ha drive kongeriket i fleire år utan ei einaste krone i skatteinntekt? Dei økonomiske mekanismene er kompliserte, og ikkje så lette å sette seg inn i for den vanlege Ola og Kari. Men sett i lys av den enorme formuen vår, er det ikkje rart at folk flest lurar på kvifor rikdommen ikkje kan brukast til å hindre så mykje offentleg naud.

«Verre enn det er no, kan eg nesten ikkje hugse at det har vore»

I alle mine år i media høyrde eg om omstilling. Kor mange miliardar norske kommunar har bruka på kostbare endrimngsprosessar er det neppe nokon som veit. På meg verkar det som at det einaste som kjem ut av omstilling, er behov for enda meir omstilling. Kommunereforma skulle gjere alt så mykje betre. Vel vel… Blir det til slutt slik at vi ikkje har råd til noko som helst?

Politikarane i Hustadvika diskuterte si omstillingsplan i mange timar. Det var ein utarmande kraftprøve. Da det kom for ein dag at den nyleg vedtatte bygginga av ny barneskule på Eide kunne bli lagt på is av ein investeringsstopp som låg an til å få fleirtal, tok det fyr i teltet. Ordføraren orka ikkje meir, og erklærte at nok fekk vere nok. Han avbraut heile behandlinga, og sette den økonomiske armoda opp som einaste sak i eit ekstramøte torsdag 27. juni.

– Eg trur vi alle kjenner på eit ubehag, sa han, og fekk ikkje motbør.

Om utkvilte hjerneceller fører til meir politisk klårsyn, gjenstår å sjå.

Kommenter innlegget