
Kommunedirektøren i Surnadal ville gjere kommunen til ein rein bokmålskommune, i alle fall innafor skuleverket. Han var blakk, og la ei lang liste med kuttforslag fram for formannskapet. Ifølge saksframlegget ville kommunen spare to millionar i året på å kutte ut nynorsken i skulen.
No viste det seg at saksutgreiinga, i den grad ho eksisterte, var svært mangelfull. Det kom raskt for ein dag at innsparingspotensialet var «overvurdert», for å bruke kommunedirektøren sine eigne ord. Dermed hamna aldri nynorskforslaget på formannskapet sitt bord.
Det skal vi vere glade for. Men saka er likevel eigna til å vekke ettertanke. Eg tykkjer det luktar populisme av forslaget. Når krybba er tom, er det lett å invitere politikarar i budsjettknipe til å tenke kortsiktig. To kjappe millionar spart kunne ha gjort pina for dei folkevalde litt mildare. Og for dei som lenge har ønskt nynorsken dit pepparen gror, var forslaget ei gåvepakke. Her kunne dei ha fjerna ein del av den surnadalske identiteten i den heilage budsjettbalansen sitt namn. Det ville ha hjelpt på samvitet.
Surnadal er verdas nordlegaste nynorskkommune. Her tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1916. Nynorsk liturgi vart innført i 1925, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922. Det var dermed ein lang språkleg arv som kom i spel. Kommunedirektøren si respekt for denne arven, var altså ikkje større enn at den ut av det blå vart lagt i den store potten saman med veg, vatn, kloakk og andre trivialitetar. Som Svein Sæter skriv i ein aldeles framifrå artikkel i Driva: Saksframlegget avslører toppen av eit isfjell: Ein sterk og utbreidd motvilje mot nynorsk i kommuneadministrasjonen.
«Her kunne dei ha fjerna ein del av den surnadalske identiteten i den heilage budsjettbalansen sitt namn»
Tidspunktet for å ta til orde for å fjerne nynorsken var også spesielt. Stikk i strid med det som mange kanskje trur, er nynorsk eit språk på offensiven. Medlemstalet i Noregs Mållag har hatt ein kraftig vekst dei siste åra. Framgangen skaut ekstra fart rundt juletider i fjor, da Jon Fosse vart tildelt Nobelprisen i litteratur. Nynorsk har i dag rundt 500.000 brukarar, og er blant verdas største mindretalsspråk. Ja, tenk det. Ein nynorskbrukar skulle få nobelprisen. Av norske forfattarar er det, ved sida av Fosse, berre Bjørnstjerne Bjørnson, Knut Hamsun og Sigrid Undset som har greidd den bragda.
Og så skulle dette kome i sjølvaste Vårsøgbygda. Hans Hyldbakk etterlet seg eit overveldande livsverk, skrive på ein elegant og dialektnær nynorsk. Skulle vi verkeleg få oppleve at heimkommunen til denne store kunstnaren og surnadalsambassadøren ga nynorsken på båten? Vi hadde trengt Kleivakongen blant oss no. Velplasserte sarkasmer ville ha hagla over pengelause byråkratar og politikarar på kommunehuset.
Det kan også vere på sin plass å minne om jamstillingsvedtaket frå 1885. Dette slår fast at vi har to jamstilte språk her i landet. Språklova frå 2022 har også som formål å styrke norsk språk og fremme likestilling mellom bokmål og nynorsk. Skal vedtaka ha nokon verdi i framtida, må alle samfunnsaktørar – frå privatpersonar til det offentlege – ta ansvar for den tospråklege skriftkulturen. Surnadal kommune, med sin tradisjon og si historie, burde vere blant dei som stod fremst i denne kampen. No låg det altså føre eit forslag om å gjere det motsette.
Sett i ein større samanheng, ville eit negativt vedtak i Surnadal også ha vore eit uheldig signal til omverda. Historielause nynorskmotstandarar finst overalt.