Det er ikkje høgda det kjem an på

Det er inga naturlov som seier at dei høgaste toppane gir den beste utsikta. I Hustadvika har vi fleire fjell, som trass i beskjeden høgde, byr på utsikt frå øvste hylle. To av desse er Skoften og Jendemsfjellet.

Skoften har ikkje meir enn 368 høgdemeter å slå i bordet med. Likevel byr den vesle toppen, som ligg så ope til i landskapet, på ei utsikt som nesten tek pusten frå ein. Rundskuet på toppen er overveldande vakkert. Det blir sagt at Skoften er det fjellet i området som gir mest utsikt for minst innsats.

Eg har vore der to gongar. Bilda du ser her, vart tatt ein gnistrande blank oktobersøndag i 2016, som ga oss ei naturoppleving av dei sjeldne.

Det finst fleire ruter til toppen. Den mest vanlege er å gå opp frå Sylte skule, og så følge ryggen på Skoften mot søraust. Stien har eit kortare parti som er nokså bratt, men er fin å gå på. Dette er absolutt ein overkommeleg tur for alle.

Jendemsfjellet eit flott turmål og eit karakteristisk landemerke. Frå delar av kommunen ser fjellet ut som ein pyramide. Toppen, som ragar 633 meter over havet, er synleg frå dei fleste stader i gamle Fræna kommune. Thor Heyerdahl segla fleire gonger over Stillehavet på primitive flåter. Han ville bevise at folk frå ulike delar av kloden hadde kontakt med kvarandre også i eldgammal tid. Hadde Heyerdahl sett Jendemsfjellet, ville han kanskje ha lurt på korleis pyramidebyggarane i det gamle Egypt kom seg til Romsdal.

For nærare ein pyramide enn dette går det ikkje an å komme. No er vel sanninga at Heyerdahl ikkje ville ha lurt på noko som helst. Jendemsfjellet er, som alt anna landskap, forma av naturkreftene. Men tanken på at fjellet er bygd av egyptiske framandarbeidarar tykkjer eg likevel er så fascinerande, at vi ikkje heilt treng å kaste vrak på ein slik teori. Vitskapen har da bomma før…

Også på Jendemsfjellet har eg vore to gongar. Sjølv om det er ein del motbakkar som skal forserast, passar turen for folk i alle aldrar. Den som er rask til beins, når toppen i løpet av ein time. Med ein litt meir behageleg marsjfart, går det lett mellom halvannan og to timar. Men her er det jo opplevinga, og ikkje farten, som tel.

Turen startar du helst på Jendem, der det også er parkeringsplass.

Ta turen til desse to toppane. Du vil ikkje angre!

Kommenter innlegget