
Eitt av mange teikn på at våren kom uvanleg tidleg i fjellet i år, var at eg på hytteturen til Tæla frå 25. til 27. mai fann molteplanten i full blomstring. Eg har aldri opplevd noko liknande.
Som vi veit, er mykje molteblomst ikkje nokon garanti for at det blir molteår. Fleire ting spelar inn. Det mest skumle er om det skulle kome nattefrost. Da blir planten øydelagt, og får ikkje molter. Så langt har frosten halde seg unna. Men høgt til fjells er ikkje faren over på ei god stund enno. Molteblomsten kan faktisk vekse heilt opp til 1.400 meter over havet. Vi får berre håpe på det beste.
Molteblomsten er ein vakker einkjønna plante. Det vil seie at det finst eigne hann- og hoplanter. Den pyntar opp i terrenget, og er eit like sikkert varsel om sommar som gauken borte i Fossafjellet. Ja, gauken hadde det travelt dei døgna eg var på hytta. Han er triveleg å høyre på, denne luringen som ikkje orkar å bygge reir sjølv.
Det slår meg at eg og gauken, i alle fall på eitt punkt, har noko til felles. Eg har heller aldri bygd meg hus. Men eg har det ikkje med å legge egg i andre sitt reir. Lat no det vere sagt.
Svaret på om det blir molteår får vi når det lir ut på sommaren. Eg er ingen spesielt ivrig bærplukkar. Men eg likar å ta nokre rundar innover Tæla for å sjå om det kan finnast molte når tida er inne. Det er alltid kjekt å få nokre molter i spannet. Samtidig søv eg like godt om det vart bomtur. Turen er like viktig som bæra. Minst.
«Det slår meg at eg og gauken, i alle fall på eitt punkt, har noko til felles. Eg har heller aldri bygd meg hus»
Eg trur bestemt at andre har det verre. Slik har det alltid vore. Eg vaks opp med bærplukking. Molta var den gjevaste av alle sortane. Det kom m.a. til uttrykk gjennom at folk i grenda sjeldan fortalde at dei hadde vore på molteplukking. Og skulle dei no seie noko om turen, fekk i alle fall ingen vite kor mykje bær dei hadde funne, og kor dei hadde vore.

I dei gamle hyttebøkene i Tælastuå, som Ane Kvendbø skreiv på 50- og 60-talet, finn vi att denne forma for hemelegheitskremmeri. Ordet molte er aldri nemnt. Uttrykk som «tok ein runde», betydde moltetur. Meldinga «gjekk til Middagshaugen, fann litt», var ein måte å dokumentere moltefangst på.
Nokre faste plassar har eg også. Dei ligg til og med inne på GPS’en. Dette gjer at eg med stor presisjon kan leite etter molte på stadar der det erfaringsmessig er bær å finne. Men molta er lunefull. Om det er kronår på ein rabb det eine året, kan det vere tomt det neste. Eg har for lengst funne ut at ein GPS, om den er aldri så avansert, ikkje har innebygd moltegaranti.
Kvart år kjem det molteplukkarar til Tæla. Dei tek turen hit, i håp om å i det minste sikre julekveldsdesserten. Molta er for alle. Her gjeld regelen om først til mølla. Slik skal det vere. Eg tykkjer det er triveleg at folk kjem opp og plukkar bær. Somme av dei som fer, kjem også innom hytta for ein kopp kaffe. Det er ein fin bonus for oss som residerer i Tælastuå.
