
Det går ikkje alltid som planlagt her i livet. Derfor vart det fire timar med 17. maifeiring på Gardermoen i år.
Turen til Rogaland starta eigentleg i går. For ein gongs skuld hadde vi bestilt flybillettar frå Kvernberget. Det kan fort bli ei stund til neste gong, for å seie det slik.
Problema starta da vi kom til Atlanterhavstunnelen. Den hadde akkurat vorte stengt p.g.a. ei eller anna hending med ein bil. Vi gjekk inn på Statens vegvesen sine nettsider, og fekk sjå at dei varsla ei stenging som ville vare mykje lenger enn det vi kunne leve med.
Heldigvis var vi tidleg ute. Ein rask kalkyle viste at det var mogleg å rekke innsjekkinga av bagasje om vi snudde og køyrde til flyplassen via Eide og Storlandet. Vi valde å prøve, i staden for å vente. Den eine løysinga var i grunnen like risikabel som den andre.
GPS’en varsla sekundstrid. Og det vart det. På turen ringte vi til flyplassen, i håp om å få råd eller hjelp i den prekære situasjonen. Det kunne vi ha spart oss. Ei brysk dame fortalde i klare ordelag slike saker ikkje var hennar bord. Ho anbefalte oss å kontakte skranken. Da vi spurte om telefonnummeret, kunne ho opplyse at desse menneska ikkje hadde telefon. Vi fann ingen grunn til å takke for hjelpa, og la på.
Likevel var vi rimeleg optimistiske da vår lynkjappe VW id5 skrensa inn framfor inngangen på Kvernberget, berre tre-fire minutt over tida. Sjølv i «byen oss» måtte det vel finnast litt sunt bondevett – trudde vi.
Der tok vi feil. Eit par tverre flyplasstilsette forklarte at innsjekkinga stengte automatisk når tida var inne. Sjølv om det altså på det tidspunkt var 35 minutt til flyet skulle gå, kunne dei ikkje gjere nok som helst. Lat meg legge til: Eg mistenker at det meir handla om mangel på vilje.
Ein av dei tillet seg til og med å foreslå at vi kunne pakke om, og samle det mest nødvendige av det vi hadde med oss som handbagasje. Det var sjølvsagt uråd. Vi spurte likevel om det eventuelt fanst trygg oppbevaring for den kofferten som vart att. Det gjorde det ikkje. Men vi kjente da vel nokon som kunne kome til Kvernberget og hente kofferten i løpet av dagen? Unnskyld uttrykket: For ein tosk. Vi innsåg at slaget var tapt, og ga opp.
Så takk for denne gongen, Kvernberget. Heldigvis finst det flyplass i Molde.
Vi køyrde heim og trøysta oss med fotball. Molde vann og KBK tapte. Etter dagens strabaser greidde eg ikkje å tenke annleis enn at dette vart da ein fin kveld for fotball.
Så denne tiraden er altså forhistoria til at vi no, på sjølvaste 17. mai, sit her på Gardermoen. Vi bestilte ny flybillett frå Årø i dag tidleg, og vil vere framme i Rogaland i kveldinga.
Korrespondansen på Gardermoen er altså ikkje heilt optimal. Men det er veldig greit. Her er det stille, lite folk og fritt for hornmusikk. På grensa til triveleg, faktisk. Nokre timar går fort. I skrivande stund nyt eg ein tørr baguett og ein leskande øl, uttrykker eit diskret hurra inni meg og konstaterer at det meste av langhelga på Tau er berga. Dette blir bra.
Men det er ikkje dei vrangpeisane vi møtte på Kvernberget si skuld.