Ei reise i kontrastar

Det har vore ei kontrastfylt tid. Denne veka starta vi oppe på Tæla, der snøsmeltinga pågjekk for fullt. Ja, så fort gjekk prosessen frå vinter til sommar, at eg vart snytt for det som var planlagt som årets siste skitur. Det har skjedd verre ulykker, vil mange sikkert seie. Eg kan vere einig. Under tvil.

Etter at vi kom ned til låglandet, fekk vi oppleve ein vårleg eksplosjon her i Bud. På desse trakter har kvikksølvet ofte problem med å etablere seg over 20-streken, også midt på sommaren. No fekk vi plutseleg tropetemperatur midt i mai. Det ligg an til ein strålande nasjonaldag. Vi skal feire i Rogaland. Også der lovar meteorologen sol og sommarlege forhold.

Eigentleg er ikkje eg ikkje den typen som bryr meg så mykje om veret. Eg kjenner dei som er langt mindre tilpasningsdyktige i høve ver og føre, for å seie det slik. Men for all del, sol og varme er bra for både kropp og sjel.

Gjennom bilda er dette blogginnlegget ein kontrasfylt vårtur frå fjell til hav. Du får opp bilda i stort format ved å klikke på dei.

Privilegert er den som har hytte i fjellet og bustad ved havet, seier eg berre. Det kunne ikkje ha vore betre.

Kommenter innlegget