
Krigen i Ukraina har rasa i meir enn to år. Sidan Hamas sitt angrep mot Israel i fjor haust, har Israel snart bomba Gaza sønder og saman. Nærare 40.000 palestinarar har så langt mista livet. Svært mange av desse er kvinner og barn.
Den brutale krigføringa til Vladimir Putin og Benjamin Netanyahu opprører folk. Ein månads tid etter at krigen i Ukraina braut ut, la ein av mine vener på Facebook ut denne kraftsalva: «Det er kanskje stygt av meg, men jeg hadde håpet at Putin kunne få samme skjebne som Italias diktator Mussolini. Han ble hengt opp etter føttene på torvet sammen med kona så folk fikk gå å spytte på de. Til underretning så var de dau, men Putin kunne de gjerne hengt opp levende for min del».
Kva min Facebook-ven meiner no, med krigen på Gaza i tillegg, har eg ikkje høyrt noko om. Men skulle han ha kommentert verdssituasjonen i dag, ville nok orda ha vore enda hardare. Sjølv om språkbruken er aldri så inhuman, er eg sikker på at utblåsinga set ord på det mange går rundt og kjenner på: Fortviling, sinne, frykt, avsky, resignasjon – og hat. Hat mot to krigsherrar – den eine med USA i ryggen, den andre med råderett over eit atomvåpenarsenal som gjer at han får drive på med eit bestialsk spel der verdsfreden ligg i potten.
Wikipedia definerer hat slik: «Hat er en intens følelse av uvilje overfor en person, en gjenstand, et sted, en handling, et fenomen og så videre. Hat er ikke fornuftsstyrt, men kan være en blanding av andre følelser som avsky og forakt, svik og skuffelse».
Det er utfordrande å forhalde seg til den botnlause vondskapen som utspelar seg i Ukraina og på Gaza. Vegen til primitive og hevnfylte tankar er kort. Å bere på hat er ikkje sunt. Hat mellom menneske fører aldri til noko godt. Det høyrer ikkje eit sivilisert samfunn til. Slik sett bør vi, også for sjølvrespekten si skuld, halde oss for gode til å hate Vladimir Putin og Benjamin Netanyahu. Men eg skal ærleg innrømme: Det sit langt inne å la vere.
For min Facebook-ven rann det over. Det kom ei utblåsing rett frå levra. I den tida vi er i no, må det vere ei ærleg sak.
Vi har hatt ein grå Kristi Himmelfartsdag i Bud. Det er heilt greit. Da slepp å eg å ha dårleg samvit for å halde meg inne. Vi nordmenn har lett for å uroe oss over veret. Ein kan vel slå fast at veret i den store samanhengen er eit marginalt problem.
Mette og eg kan sjå fram til ei helg på Tæla. Eit privilegert liv. Det er nesten så ein skjemmest. Utan at det hjelper det minste – verken mot krig eller krigsherrane.
Ha ei god helg når den tid kjem. Og skulle du føle deg betre ved tanken på terroristane Putin og Netanyahu hengande etter føtene på eit torg, så la det stå til. Det er ikkje alt ein treng å fortelje til andre.
—
(Lenke til fotografen si heimeside: ://pixabay.com/no/users/krzzzz-17142528/?utm_source=link-attribution&utm_medium=referral&utm_campaign=image&utm_content=7157074)