
30. april kan brukast til så mangt. Vårkvelden på Tæla ga meg inspirasjon til litt tankespinn, som igjen resulterte i eit spontant og ikkje altfor langt blogginnlegg.
I ungdomstida vart det gjerne ein fest om kvelden på denne datoen. Ikkje anna enn eg hugsar, var det tradisjon med dansefest i Myrvang 30. april. Det var artige festar med god stemning, trivelege folk og eit lokalt band på scena. Tider som ikkje kjem att, kan ein vel seie.
Eit år var eg og bror min i beit for skyss til Myrvang. Vi måtte haike. Ein impulsiv strategi, som gjekk ut på å vise tommelen til bilar som kom i begge retningar, viste seg å gi suksess. Etter ei stund fekk vi haik med ein bil som var på veg frå Myrvang, ikkje til. Den venlegsinna sjåføren snudde og køyrde oss til festen. Det er rart kva som dukkar opp i minnet.
Seinare i livet ville det seg slik at eg måtte bruke kveldane 30. april til vareteljing. Ja, vareteljing. Du les rett. Heile kvelden, pluss dei første timane av 1. mai, gjekk med til dette psykisk krevjande arbeidet. Vareteljingepoken er over. For lenge sidan. Det er like greit. Absolutt.
Og no? Denne 30. aprilkvelden sit eg for meg sjølv på hytta og nyt livet. Ein kjem langt med å trivast i eige selskap, P2, ein skvett adekvat drikke i glaset, fred og ro.
Eg gjekk på beina opp liene, der snøen no er på vikande front. I morgon blir det skitur. Forholda er perfekte. Ein kald april har ført til at skisesongen på Tæla også i år vil strekke seg eit godt stykke ut i mai. Slik såg det ikkje ut for nokre veker sidan.
Mai er ein prima skimånad. Dei som hevdar det motsette, kan aldri ha vore på skitur i mai. Eg er nøydd til å vere litt bastant på akkurat det punktet.
På Tæla blenkjer vårsola i bakkane til langt utover kvelden no. Om nokre timar kjem mai den skjøne milde listande til vårsøget frå Fossåa. Det er nesten slik at ein ikkje har råd til å legge seg.
Og det har eg da heller ikkje tenkt å gjere på ei stund. Eg gjer som eg vil. Ikkje skal eg på fest, og ikkje har eg høyrt eit ord om vareteljing. Det går brukbart akkurat no.
Og neste tur blir vi to. Det er enda betre.
