Jubileum for Fintenkjarplassen: 300 innlegg på ni år

På ein solrik februarføremiddag, med Finn Bjelkes Popquiz som lydkuliss, grip eg til tastaturet for å markere at Fintenkjarplassen har passert 300 innlegg. Det første, som hadde den ikkje altfor kontroversielle tittelen «Velkomen til Fintenkjarplassen», vart publisert 1. februar 2015. Fintenkjarplassen har altså eksistert i ni år.

Som eg har fortalt før, starta eg bloggen for å skape ein arena der eg kunne skrive om ting som ikkje passa inn i avisformatet. I ettertid kan ein vel slå fast at Fintenkjarplassen har fungert etter hensikta. Det er moro å halde på med dette. Respons og lesartal har vore til stor inspirasjon.

Gjennom den omfattande digitaliseringa som skjedde i avisbransjen dei siste åra eg var redaktør, lærte eg mykje om korleis mekanismene ute blant lesarane verkar. Det er interessant å sjå korleis desse mekanismene opptrer på akkurat same måte når ein skriv ein privat blogg. Valg av spesielt tittel og bilde kan utgjere fleire hundre lesarar til eller frå.

No betyr ikkje dette at eg har tenkt å legge Fintenkjarplassen inn i det same fordummande sporet som innhaldsutviklarane i dei store konserna har gått opp for lokalavisene. Kampen om klikk og lesarar har gjort at framsidene på nettavisene ofte ser ut som reine rebusløp. Det florerer av titlar av typen «Kommunen har tilsett ny næringssjef. Sjå kven» og «Ola skulle ete middag – så skjedde dette». Her oppe i hornet på veggen prøvar eg så langt eg kan å ikkje klikke på slike lokketitlar. Eg kjenner meg undervurdert som lesar.

Tilbake til Fintenkjarplassen. Planen er å halde fram med skrivinga. Eg ser at trafikken fekk eit nytt løft etter at eg ga ut boka i fjor haust. I løpet av januar og februar 2024 har det faktisk vore lesarar innom mellom 80 og 90 av dei 300 innlegga som er publiserte gjennom ni år. Takk til alle som les bloggen, og takk til dykk som har kjøpt boka. Eg har framleis ein del eksemplar på lager, om nokon skulle vere interessert.

Mykje har skjedd både nasjonalt og globalt sidan eg starta bloggen. Jorda var ein tryggare plass å opphalde seg på i 2015 enn i dag. Vi har vore igjennom ein periode med Donald Trump som president i USA, og risikerer at han får fire nye år. Krigen i Ukraina har destabilisert ei heil verd, og på Gaza slaktar israelske soldatar forsvarslause sivile for fote. Bilda som rullar over TV-skjermen er nesten ikkje til å halde ut.

Ein kan kjenne seg både opprørt, frustrert og makteslaus. I Fintenkjarplassen si levetid har mangt verkeleg utvikla seg i feil retning. Hat, rasisme, konspirasjonsteoriar og nasjonalisme har betre levekår enn nokon gong. Kvar ligg håpet? Akkurat no er det ikkje så godt å sjå. Vi kan vel ikkje anna enn å håpe at dei som styrer verda greier å leie oss ut av uføret.

Innleggshistorikken til Fintenkjarplassen viser eit vidt spekter av tema. Eg har filosofert over alt frå innkjøp av robotstøvsugar til storpolitikk. Ein blogg som dette kan ikkje eksistere frikopla frå alt som skjer rundt oss. Men i utgangspunktet skal Fintenkjarplassen også i framtida vere ein arena som gir både bloggar og lesar eit pusterom frå kvardagens trivialitetar. Snart startar hyttesesongen på Tæla igjen. Mange blogginnlegg har vorte til på mobiltelefonen under parafinlampa i hytta. Fleire skal det bli.

Så kan det sjølvsagt hende at «redaktørrefleksen» ein gong iblant tar styringa og fører tastaturet ut på andre vegar. Det finst som kjent ikkje reglar utan unntak.

Popquiz er over. Sola skin på glaset. Det er strengt tatt tid for å kome seg ut i den gryande våren. Men det blir nok heller TV-sport. I dag skal eg halde meg for nasen når dei norske hopparane set utfor i Obsertdorf.

Kommenter innlegget