
50 år har gått sidan Magne Myrmo gjekk inn til VM-gull på 15 km i Falun. Det skulle vise seg at rennbyggen hadde gjort eit historisk løp. Myrmo, som gjekk på Landsemski frå Rindal, vart den siste verdsmeisteren på treski.
Eg gjekk på gymnaset den gongen, og hugsar løpet godt. Fritime for å sjå sport var det bortimot umogleg å mase seg til på gymnaset, men akkurat denne dagen gjorde læraren vår eit unntak.
Det var eit forferdeleg spennande løp. Myrmo starta tidleg, og det låg lenge an til at austtyskaren Gerhard Grimmer skulle snyte nordmannen for gullet. Men han kom i mål eit snautt sekund for seint. Eit fall berre 1.200 meter frå mål vart avgjerande. Grimmer gjekk på glasfiberski. Kanskje var han også dopa, slik austtyske idrettsutøvarar hadde for vane på denne tida.
1974 skulle bli det året da glasfiberskia slo igjennom for alvor. Norge stod som vanleg med begge beina trygt planta i bakstreveriet, og var ikkje førebudd i det heile tatt. For norske skileiarar kom Myrmo sitt gull dermed som bestilt. I ein kommentarartikkel i Arbeiderbladet dagen etter treskigullet, stod det m.a. å lese: «Med selveste direktør Kneissl på plass i ski-stadion må det vel ha varmet mangt et norsk hjerte at fortsatt kan norske fabrikat av ski hevde seg i konkurransen. Eller for å bruke Nærstads (skipresident Andreas Nærstad, red. anm) ord: Det er ingen grunn til å få panikk selv om utlendingenes ski gjør seg best i «sørpa»».
Det kjem vel an på korleis ein ser det. I VMi Falun tok Norge berre to langrennsmedaljar. Forutan gullet til Myrmo vart det bronse på herrestafetten. Verken på 30 km eller 50 km var det nordmenn blant dei seks beste. Damene greide tre sjettplassar på dei tre øvingane som var den gongen.
Oddvar Brå var forut for si tid. Han gjekk sine eigne vegar og teikna kontrakt med glasfiberprodusenten Fischer allereie i 1973. Dette gjorde at Brå vart sett på som ein svikar. Det gjekk så langt at venstrepolitikaren Hallvard Eika frå Stortinget sin talarstol skulda Brå for å truge norske arbeidsplassar. Også kommunalminister Leif Aune (Ap) uttrykte sterk uro over valet til ungguten frå Hølonda.
Tidleg på 70-talet var det enno, med stort og smått, rundt 25 skifabrikkar i drift i Norge. I Rindal var det to. Landsem og Troll-Ski hadde på det meste rundt hundre tilsette til saman. I ettertid verkar den politiske innblandinga absurd. Men det skjedde mykje rart i desse åra. I 1971 gjekk t.d. eit samla Venstre og Sp, saman med enkeltrepresentantar frå Ap og KrF, imot innføring av fargefjernsyn i Norge. Så kvifor kunne ikkje politikarar også bestyre seg med langrenn?
«1974 skulle bli det året da glasfiberskia slo igjennom for alvor. Norge stod som vanleg med begge beina trygt planta i bakstreveriet, og var ikkje førebudd i det heile tatt.»
I eit intervju med VG i 2008 fortalde Brå om presset han opplevde. Da eit par Fischer-toppar besøkte Brå heime på Hølonda i november 1973, annulerte han kontrakten.
– Da hadde hjartet avgjort at eg skulle tilbake til Landsem, sjølv om hjernen sa at den rette avgjerda styrte mot Fischer sine glasfiberski. Det enda med at eg reiv i stykker kontrakten. Dessuten hadde sannsynlegvis Norges Skiforbund annullert kontrakten på grunn av avtalen forbundet hadde med «skipoolen», som var ei samling av norske skifabrikkar og som støtta skiforbundet økonomisk (300.000 kroner i året), fortel Brå i intervjuet.
Men utviklinga var ikkje til å stoppe. I 1975 bruka alle norske langrennsløparar glasfiberski, og fargefjernsynet var på full frammarsj.
Oddvar Brå gjekk på ski frå Landsem da han vann 15 km under VM i Oslo i 1982. Grunnen til at eg hugsar dette, er førstesideoppslaget vi laga i avisa Indre Nordmør etter triumfen. Tittelen var «Landsem fikk en verdensmester». Den skulle vise seg å vere kontroversiell. I dei tider var reglane for tekstreklame strenge. I ein artikkel i fagbladet «Journalisten» fekk vi kritikk for å ha gitt Landsem skifabrikk utilbørleg reklame på redaksjonell plass. I dag kan ein ikkje anna enn å le av slikt puritansk snobberi.
Magne Myrmo, som fylte 80 år i fjor sommar, kan sjå tilbake ein suksessrik karriere i sporet. Ved sida av VM-gullet i 1974, var han med på å sikre den norsk stafettbronsen i same meisterskap. I 1972 tok han OL-sølv på femmila i Sapporo bak Pål Tyldum.
Myrmo vann NM-gull på 15 km i 1972, og vart norgesmeister på 50 km i 1971. I tillegg sikra han seg fem NM-sølv og ni NM-bronse, den siste av desse i stafett.
Etter den sterke innsatsen i 1974 vart Myrmo kåra til «Årets idrettsnavn» og fekk Sportsjournalistenes statuett. Same år vart han også tildelt Olavsstatuetten.
I 2004 vart Magne Myrmo heidra med ein statue i heimbygda. Statuen er plassert ved laftesenteret på Berkåk, og er sjølvsagt i tre. Karsten Brundtland fra Torpo i Hallingdal har laga statuen av ei 300 år gammal malmfuru, som har stått 1000 m.o.h. i Hallingdal. Statuen er i naturleg storleik, 176 cm høg.
Nyleg vart det kjent at skikongen frå Rennebu har donert heile si private samling til skimuseet i Rindal, som fyller ti år i 2024. Jubileet blir mellom anna markert med ei temautstilling om Magne Myrmo. Utstillinga opnar 23. juni.