«Alt var mye bedre under krigen»

Eg er medlem i fleire Facebook-grupper for vintersportsinteresserte. Dei fungerer best om sommaren, har eg funne ut. Om vinteren har desse gruppene i aukande grad vorte arenaer for folk som aldri sluttar å syte over at ikkje all vinteridrett går på NRK.

Etter mange år med lange sportshelger på NRK, vart det tydelegvis ein overgang å måtte forhalde seg til at kjente stemmer og fjes vart erstatta av nye. Reklamen gjorde også sitt inntog i sportssendingane.

Men det har seg altså slik at kringkastingsmonopolet vart oppheva for over førti år sidan. Det var nødt til å få konsekvensar – på godt og vondt. Mest det første. Eg kjenner heller ingen som ønsker seg tilbake til monopoltida med finsk fjernsynsteater, opplysningsprogram om ukjente folkegrupper i Mongolia i beste sendetid og holmenkollrennet i redigert opptak om kvelden. Men det er heilt tydeleg at dei finst.

NRK kunne sende sport gjennom alle helger i ei tid der TV-rettane enno ikkje hadde vorte ei handelsvare i milliardklassen. Om monopolet hadde eksistert i dag, ville ikkje NRK ha vore i nærheita av å kunne oppretthalde eit akseptabelt tilbod på vintersport. Skulle dei ha gjort det, ville den beskjedne kringkastingsavgifta som vi i dag betalar over skatteseddelen ha hamna på eit nivå som utløyste ramaskrik. NRK måtte også ha opppretta fleire nye kanalar for å få plass til all sporten. Idrettsarrangement er ferskvare. Vi vil jo følge favorittgreinene våre på direkten. Mange store arrangement i ulike øvingar går samtidig.

Det har aldri vore sendt så mykje vintersport på TV som no. Spreiinga av vinteridrett på fleire kanalar gjer at vi som er interesserte kan gle oss over eit tilbod som rett og slett er formidabelt. I løpet av sesongen blir praktisk tala alt som er prestert av skihopp, stavtak, skøytetak, skyteseriar og portpasseringar vist på TV. Det er ikkje så lenge sidan noko slikt ville ha vore sett på som science fiction.

For å få med alt, må ein rett nok ut med nokre kroner kvar månad i vinterhalvåret. Men det er sant å seie ikkje rare summen. Og sidan kommersielle kanalar lever av reklame, må vi finne oss i reklamepausar. Av og til kan dei sjølvsagt verke irriterande. Verstingen er TV2, som i tillegg held seg med utruleg dårlege kommentatorar. Ikkje minst gjeld det skiskyting. Dei lærer kanskje etter kvart.

På den andre sida tykkjer eg TV3/Viasport har funne ei bra form når det gjeld reklameavbrot innafor både hopp, langrenn, kombinert og alpint. Kanalen har ein stall av svært dyktige kommentatorar, som etter min smak overgår nivået i NRK. Hoppkommentatorane Jørgen Klem og Anders Jacobsen er noko av det beste eg har høyrt på svært mange år. Frå langrennsløypa rapporterer Jørn Sundby og Niklas Dyrhaug på behageleg og kompetent vis, utan å snakke sjåaren i senk.

Det er lett å meine at alt var betre før. Men det var det ikkje. Når eg skriv dette, kjem eg til å tenke på Ole Paus sin song «Alt var mye bedre under krigen». Der heiter det m.a.

Alt var bedre under krigen, den gang vi hadde kultur
Da hadde vi det fælt, da hadde vi det helt topp.

Eg tykkjer desse linene passar godt inn som ein kommentar til hylekoret mot reklamefinansierte sportssendingar. Verda går framover. Eller i det minste: Ho er i rørsle og endring.

Konklusjonen min er at vi som likar å sjå vintersport på TV, opplever usedvanleg gode tider.

Kommenter innlegget