
«Dersom du vel å ikkje gleda deg over snøen, vil du ha mindre glede i livet, men same mengde snø». Dette sannheitsordet frå Voss lyrikklag er eit av mine absolutte favorittsitat.
No er det mykje snø både på ytre og indre strøk av fylket vårt. Her ute ved havet er det usedvanleg idyllisk, med eit vinterlandskap som badar i ei stadig sterkare februarsol.

Med kamera i bilen gjorde eg nyleg ein avstikkar frå Elnesvågen mot Kråkneset. Her var det mykje vebju å sjå. Vebju er eit av dei finaste orda knytta til vinter, og betyr «greiner som er bøygde av snø». Språkforskar Tor Erik Jenstad skriv på heimesida si at ordet først og fremst høyrer til på Nordmøre, samt sørlege delar av Trøndelag. Opphavet forklarar Jenstad slik: «Bju heng saman med å bøye; vi finn det også i det gamle ordet bjuføtt om hjulbeint. Og første delen ve- er ved- i ei eldre betydning ’skog’, jamfør engelsk wood».

I Bud er det ingen som seier vebju. Dei færraste forstår kva det betyr. Som eit lite bidrag til å bevare ordet, brukar eg det som ein del av namnet på enkeltpersonforetaket mitt.
Som født og oppvaksen i Surnadal, er det også naturleg for meg å bruke ordet mjellsnø. Når snøen er mjell, er den lett, tørr og laus – altså det motsette av kram. Opphavet til ordet er gammalnorske mjǫll, som igjen har samanheng med ordet mjøl. Da eg var ute og måka snø for eit par dagar siden, gjekk arbeidet lett. Det fordi snøen var mjell. Om ordet kjem til å overleve, er vel usikkert. På mine heimtrakter er det mest eldre folk som brukar det i dag.

Eg har ikkje noko problem med å gle meg over snøen. Tvert om. Ein gnistrande vinterdag er etter mi meining fullt på høgde med ein solblank sommardag. Noko av det mest fascinerande med å bu i eit land som Norge, er at vi har fire ulike årstider. Dei har alle sin sjarm og eigenart. Ubønnhøyrleg går syklusen sin gang. Det er bortkasta energi å bruke heile vinteren på å gle seg til sommaren.
Det vart ein triveleg fotosafari. Ei naturoppleving, rett og slett. Nokre av bilda eg tok ser du i dette blogginnlegget. Med mjellsnø og vebju er vinteren på sitt vakraste.
Sidan denne epistelen starta med eit lyrisk innslag, bør den vel avsluttast på same måte. Blant mange fine dikt som er skrive om snø, fann eg fram til denne strofa, henta frå diktet «Den norske vinter» av Johan Nordahl Brun:
Min norske Vinter er saa vakker;
De hvide sneebedækte Bakker,
Og grønne Gran med puddret Haar,
Og trofast Iis paa dybe Vande,
Og Engledragt paa nøgne Strande;
Jeg bytter neppe mod en Vaar.
