
I desse dagar er det hundre år sidan dei første olympiske vinterleikane i Chamonix gjekk av stabelen. Thorleif Haug vart historisk, da han med seieren på 5-mila vart den første nordmannen som tok gull i eit vinter-OL. Denne vinteren er det også seksti år sidan Innsbruck arrangerte det første av dei to vinterleikane byen har vore vertskap for.
Når eg tar fram OL i 1964, er det fordi dette var det første vinter-OL som vart vist direkte på norsk fjernsyn. Mange kjøpte TV-apparat i forkant av arrangementet, sjølv om mottakarforholda i store delar av landet kunne vere så som så. På ein flimrande svart/kvitt-skjerm såg vi det som folk opplevde som ein idrettsfest full av pomp og prakt. Men tidene skulle forandre seg. Målt i 2023-kroner, kosta OL i Sotsji i 2014 280 gongar meir enn festen i Innsbruck.
For ein som er godt over middels sportsinteressert, kan desse minna gi eit fint høve til å sjå tilbake på OL-historia, og reflektere litt rundt kva vi måtte ha i vente. I dag fortonar OL-himmelen seg langt frå skyfri.
Med unntak av Torino-OL i 2006, da eg var i Asia og fekk med meg lite, har eg stort sett slukt alle TV- sendingar frå vinter-OL sidan 1964. Eg kan med andre ord feire eit slags olympisk 60-årsjubileum. Det er eit jubileum med bismak. OL, både sommar og vinter, har kome ut av alle fornuftige proporsjonar. Bak den idrettslege fasaden pågår det eit spel om storpolitikk og pengar – ispedd dosar med korrupsjon.
I 1964 hadde dei olympiske leikane enno ikkje mista si uskuld. OL i Innsbruck var dei niande vinterleikane i rekka, og dei første med over tusen deltakarar. Alle var amatørar. På dette området var reglane knallharde. I vår tid greier dei beste utøvarane å bli søkkrike på idretten sin. Ein kar som Johannes Høsflot Klæbo tente i 2022 åtte millionar kroner, og står i skattelistene for det året oppført med ein formue på 22,7 millionar kroner. Den norske langrennstroppen som reiste til Innsbruck i 1964 var for det meste tømmerhoggarar, som ville ha hatt stor økonomisk gevinst av å legge idretten på hylla.
På 60-talet vart leikane også avvikla utan den avsindige gigantomanien vi ser i dag. Prislappen på Innsbruck-OL i 1964 var 100 millionar kroner. Sjølv om summen i dag tilsvarar tilsvarar drøye 1,3 milliardar, blir dette for lommerusk å rekne samanlikna med prisen på eit moderne vinter-OL. Dei dyraste vinterleikane i historia vart arrangert i Sotsji i 2014. President Vladimir Putin spara ikkje på konfekten. Diktatoren sitt prestisjeprosjekt kosta meir enn alle tidlegare vinter-OL til saman.

Når så enorme pengesummar er inne i bildet, får korrupsjonen gode kår. Mange korrupsjonsskandalar knyter seg da også til den mektige internasjonale OL-komiteen, IOC. Vedtaket om å legge vinter-OL til badebyen Sotsji i 2014 høyrer med i dette bildet. I forkant av tildelinga skal store sekkar med pengar ha skifta eigar, ifølge ein artikkel som nrk.no publiserte for ein del år tilbake. Ein av arkitektane bak smøringa av IOC-medlemmar var ein usbesisk narkobaron.
Eit anna døme på korrupsjon og bestikking er valet av Salt Lake City som vertsby i 2002. Vedtaket vart etterforska, og ti IOC-medlemmar måtte forlate komiteen i vanære. Dei hadde fått pengegåver, gratis medisinsk behandling for seg og familien, samt goder som jobb og utdanning til familiemedlemmar.
Lista over slike skandalar er dessverre lang. Og vi har nok heller ikkje sett enden på ho. IOC er den dag i dag ein lukka, udemokratisk organisasjon, som trivst best når det ikkje er dagslys. Idretten hadde fortent betre.
Eg har mange OL-minne å sjå tilbake på. Men Innsbruck 1964 har alltid stått i ei særstilling. Eg kan den dag i dag ramse opp mange av vinnarane, i fleire øvingar samtlege medaljevinnarar, utan å måtte ty til oppslagsverk. I tillegg til å sjå på fjernsyn, saumfor eg og bror min alle aviser og blad på jakt etter bilde av OL-heltane. Desse vart lima inn i bøker og på kartong med mjøllim. Det bidrog nok til at det som skjedde i Innsbruck vart sittande så sterkt i minnet.
Først på 60-talet kunne det gå mange veker mellom sportssendingane på TV. Under OL i Innsbruck var det plutseleg ski og skøyter å sjå kvar dag. Vi vart kjent med ei mengd utanlandske utøvarar, som vi aldri hadde høyrt om før. Ukjente idrettsgreiner dukka også opp. Aking tykte vi var merkelege greier. Vi var gode til å renne på kjelke i bakken bak fjøset, men vart overraska over at dei dreiv med slikt i OL.
Det eg hugsar aller best frå Innsbruck i 1964, er storbakkerennet i Berg Isel. Toralf Engan vann, med Veikko Kankkonen på andreplass og Torgeir Brandtzæg på tredje. Men var Kankkonen nedi med handa i det andre hoppet, eller var han ikkje? Dommarane var i tvil. Finnen vart trekt ein del i stil – nok til å sikre seieren til Engan, men for lite til at Brandtzæg kunne få sølvet. Diskusjonen rundt Kankkonen sitt andrehopp lever faktisk den dag i dag. Ja, det er mangt ein kan mimre om.
Kjem dei olympiske leikane til å drukne i mangel på berekraft og meiningslaus sløsing? Ei gruppe forskarar ved universitetet i IOC-heimbyen Lausanne hevdar i ein rapport frå 2021, at løysinga på vekstsmertene er nedskalerte arrangement som går på omgang mellom nokre får byar. Det er eit interessant synspunkt. Det verkar heilt utan mål og meining at det stadig blir bygd gigantanlegg på plassar der vinteridrett er utan fotfeste. Kor mange skihopp har vore gjort i den påkosta bakken som vart bygd i Bejing til OL i 2022? Mange vil meine at det er den flottaste hoppbakken i verda. Og kva med milliardanlegga i Sotsji og Pyeongchang? Det går ikkje an å halde på slik i det lange løp.
Ironisk nok kan den globale oppvarminga bli eit avgjerande bidrag til å få OL-toget inn på eit anna spor. Ein klimarapport som vart lagt fram i fjor, viser at på grunn av snømangel vil berre ti land vere i stand til å arrangere vinterleikar i 2040. Vi ser allereie i dag at varmegrader og mangel på snø fører til avlyste skirenn. Dette er ei utvikling som berre vil eskalere. Langt færre byar enn før ønsker også å stå som arrangørar. Da Milano vart tildelt vinter-OL i 2026, var Stockholm einaste motkandidat. Det er tydeleg at kostnadseksplosjonen i kombinasjon med klimaendringane skremmer. Lat oss håpe at både den utandørs vinteridretten og OL har ei framtid. Men for OL sin del trengst det ei markant kursendring i retning av dei opprinnelege olympiske ideane, basert på berekraft i ordets vidaste forstand.
