Årsskiftet kjem omtrent midt mellom to hyttesesongar. Vi avsluttar som regel på Tæla eit stykke ut i oktober, og startar eit nytt hytteår når det lir mot slutten av mars. No på svartaste vinteren er minna frå hyttelivet ein god ballast å ha med seg. I dette innlegget inviterer eg til ein tur i tekst og mange bilde gjennom 2023-sesongen på Tæla.

Sesongopninga skjedde fredag 31. mars. Som bildet viser, var både ver og føre perfekt. Gunnar nytta forholda til å køyre opp proviant og anna utstyr med snøskuter.
Eg opplever det alltid som spesielt å kome fram til hytta den første gongen i ein ny sesong. Det handlar om gjensyn, tilhørigheit og forventning. Peder W. Cappelen skildrar slike hendingar på denne måten i boka «Alene med vidda»: «Trekk i terrenget som eter seg inn i bevisstheten, og som man alltid må vende tilbake til. Opplever gleden av gjensyn – som lar en føle at en hører til i en trakt, den blir mer enn en vakker utsikt. Og på samme måte som synet av en tent stjerne i et vindu lar oss gjenoppleve tidligere juler, åpner gjensynet med et landskap for strømmen av minner.
Slik blir fjellenes linjer, vårens lys og farver – en vei tilbake til oss selv».
Dette var første tælaturen min etter hjarteoperasjonen. Marsjen opp liene var ei rein lyst. Kroppen fungerte betre enn på mange år, og eg noterte at turen gjekk om lag tre kvarter raskarare enn kva som hadde vore normalen dei siste åra. Det var nesten ikkje til å tru. Tankane min gjekk til dei fantastiske menneska på St. Olavs hospital i Trondheim. Kva dei er i stand til å utrette!
Sesongopninga kom for tidleg på Mette, som ein månad før hadde skifta ut kne nummer to. Det skulle vise seg at ho kom seg raskt etter operasjonen, og nådde målet sitt om å vere tilbake på Tæla rundt midtsommar.

Eg mørknar ned på Tæla første kvelden for året. Det er nesten magisk. Stillheit, fred og ro. I stunder som dette brukar eg minimalt med lys i hytta. Som diktaren Hans Børli seier det: «Den som går med løkt i mørket, ser ikke stjernene».

Skjærtorsdagskvelden 6. april var fullmånekveld. Bildet er tatt i halv elleve-tida. I grenseland for ein mobiltelefon, men forhåpentlegvis klarte eg å fange litt av stemninga. Det er alltid kjekt med selskap på hytta. Opplevingar som dette er det likevel ikkje noko problem å nyte åleine.

Påskelaurdag la eg turen til Fintenkjarplassen. Ei kjent og kjær utsikt, som ikkje ligg lange marsjen unna Tælastuå. Skituristar møter eg sjeldan har oppe. Det er større sjanse for å treffe folk i dette området sommars dag. Folk med ski på beina legg helst turen til Fossafjellet, eller dei set kursen mot Fjellenden eller Kvenndalsbotn. For den som ønsker ein kortare skitur, er Fintenkjarplassen eit fint og lett tilgjengeleg alternativ.

Påska 2023 nærmar seg slutten. Solnedgangen påskedagen var av det praktfulle slaget. At veret dagen etter var såpass dårleg at det ikkje let seg gjere å sette seg ned og ete nista inne på Litjfjellet, gjorde ingenting. Dette var rett og slett ei drømmepåske.


Utover våren vart det fleire skiturar til Tæla, dei fleste velsigna med fint ver. Panoramabildet er tatt 17. april, og det nedanfor to dagar seinare. Eg likar å legge turen til Skarvan, uansett årstid. Etter at Gunnar sette opp den fine benken der, har dette utsiktspunktet vorte eit enda meir fristande mål. Tydelegvis er det fleire enn eg som meiner det same. Dei mange skispora viser at benken har ført til auka trafikk på Skarvan.

Skisesongen varte til langt uti mai i 2023. Bildet er tatt inne på Veltret 13. mai. Det var ein makalaus fin dag, med ditto skiføre.


Men alt har ein ende. Siste vårskituren gjorde eg i dagane 21. – 23. mai. Som det øvste bildet viser, var skiføret nede i liene allereie borte. Men frå Dompene og fram til hytta var det såpass med snøflekker at eg kom meg fram med ski på beina. Oppe på Tæla var forholda heilt ypperlege. Etter eit fint opphald, forlet eg Tælastuå i gråver og regn. Snøen hadde minka kraftig i løpet av få dagar. Eg valde å sette at skiene på hytta.


Måndag 5. juni kom eg for første gong i fjor fram til hytta til fots. Enno låg Tæla i brunt og kvitt, og Fossåa var inne i si travlaste tid. Når eg legg meg om kvelden til vårsøget frå Fossåa, da søv eg godt

På denne første turen til fots gjennomførte eg også ein aldri så liten dåpsseremoni. Myra aust for stølen ned mot Fossåa heiter no Fossåmyra (1), medan eg ga bakken, der stigen vidare innover Tæla går, namnet Fossåbakkan. Eg har ikkje høyrt noko frå ein einaste namnekonsulent. No er klagefristen for lengst gått ut.





Torsdag 15. juni bar det til fjells igjen. Høgfossen briska seg skikkeleg denne dagen, så eg stoppa på for å forevige synet. Ein mektig foss. Verkeleg.
Vel framme på Tæla kunne eg konstatere at sol og varme berre i løpet av ei stor veke hadde gjort underverk. Det vart nokre fenomenale dagar på hytta. Mitt livs varmaste fossafjelltur fekk eg lagt inn, og eg kunne starte lunsjsesongen nede ved Fossåa.
Eg har opplevd denne seremonien mot sommar i fjellet mange gongar etter kvart. Den kan gå sakte, eller prosessen skjer i form av ein eksplosjon. Det finst ingen standard for brytningstida mellom vår og sommar på Tæla.
Privilegert er den som får kome nært på mirakel som dette, år etter år.

Sommaren på Tæla var den store motivasjonen for Mette under opptreninga av kneet. Målbevisst arbeid ga resultat. Allerereie 23. juni, mindre enn fire månader etter operasjonen, var ho på plass i Tælastuå igjen. Imponerande, og veldig gledeleg!

Når det fer folk forbi, blir det sjølvsagt kaffelag. 25. juni fekk vi besøk av Torbjørn og Klara. Ei triveleg stund, i det finaste ver som tenkast kan.

Ein av mange fordelar med å vere to på hytta, er at vi kan spele Yatzy. På denne første turen i lag for året, starta eg og Mette sjølvsagt spelsesongen. Yatzy, kort- og brettspel er ein viktig del av det gode liv på Tæla. Det er utruleg kor triveleg og trøysamt ein kan ha det utan fjernsyn. Om eg skulle ha valt eit slagord for Tæla, ville eg ha adopert Rindal kommune sitt, «Tid til å leve».

Vi ser ofte sauer borti Fossafjellet. Langt sjeldnare er det at dei avlegg stølen ein visitt. 17. juli dukka desse opp nedanfor hytta. Særleg selskapelege av seg var dei ikkje, men likevel såpass ålreite at dei stilte opp på eit bilde.

Denne rogna står inne på Tæla eit stykke heimafor lina. Ho er ikkje så ruvande av vekst, men gjer likevel såpass av seg i det opne landskapet at ein kan kalle ho eit landemerke. Eg kan sjå det karakteristiske treet frå hytteglaset. Dette bildet er frå 24. juli, medan Tæla var på sitt aller frodigaste. Bekken i framgrunnen er ein av dei mange som til slutt utgjer Fossåa, den vakre fjellelva som set punktum for si ferd mot Søya med Engjafossen.

Det er alltid kjekt med besøk. 28. juli dukka Mary og Lars Gudmund opp. Det vart kaffelag og triveleg prat. Gjestane er ivrige fjellfolk, som dyrkar hyttelivet i Skaråsen på autsida av Kvenndalen (Foto: Mette).

Så viste kalenderen plutseleg august. 6. august tok eg ein runde for å sjå etter molta. Heilt bortkasta var ikkje turen. Eg fann det eg trong, og overlet resten til andre som jaktar på skogens gull.
I moltesesongen aukar trafikken på Tæla. Det er sjølvsagt berre triveleg. Eg har kome til at det finst to sortar molteplukkarar; dei som brukar naturen heile året og dei som kun er å sjå når det er bær å finne. Molta er for alle. Likevel unner eg den førstnemnte katorien bæra mest – for å vere heilt ærleg.


Begge bilda over er minne frå 18. august. Det øvste viser røsslyngen si fargeprakt, medan vi nedanfor har hamna i eit forseinka trettiårsjubileum. I 1992 tok Bjarne over Telheim og vi Tælastuå. Material og utstyr til begge hyttene vart frakta opp med helikopter i august. Eit år på overtid vart det endeleg tid til å feire. Vi kosa oss til langt ut i dei små timar.

Guttetur med ein deltakar er eg godt vand med. I slutten av august vart det guttetur med to deltakarar. Eg og tremenning Nils hadde eit par flotte døgn saman på Tæla. Det er så rart med det. Når ein har kjent kvarandre heile livet, er det gjort på ein blunk å finne tråd og tone frå gamle dagar, sjølv om ein ikkje ser kvarandre så ofte. Ein framifrå tur med naturopplevingar, god prat og seine kveldar. Det skal ikkje bli lenge til neste gong. Bildet er tatt 30. august.

Lite kan måle seg med ei fin septemberhelg på Tæla. Fredag 8. september kom vi fram til hytta i strålande haustver. Det tradisjonelle fredagsmåltidet, spekemat avec, vart inntatt ute på verandaen. Når hyttesesongen går mot slutten, er stunder som dette ekstra verdifulle. Kanskje er det årets siste måltid ute. Hausten er lunefull. Ein veit ikkje kor lenge det går før vergudane slår seg vrange og landskapet tar vinterkåpa på.

Vedarbeid høyrer hausten til. Laurdag 9. september var ein dag da vi verkeleg kunne kose oss med veden. Når eg før i tida høyrde at otten for ikkje å ha nok ved aukar proporsjonalt med alderen, meinte eg at det var berre tull. Som godt vaksen mann, må eg innsjå at eg tok feil. Vi stressar ikkje med veden på Tæla. Men vi held på såpass at vi til ei kvar tid har nok brensel til tre sesongar.
Som regel får vi frakta opp nokre vedsekkar ekstra med snøskuter, i tilfelle ei dårleg verpåske skulle føre til mykje inneliv. På ei hytte som Tælastuå er årsforbruket av ved sterkt påverka av tidspunktet for påska og temperaturen gjennom høgtida. Tidleg og kald påske gir eit heilt anna vedforbruk enn når påskefeiringa kjem med milde dagar langt uti april.

Når vi er inne på dette årlege ritualet med vedarbeid, kan det passe å ta fram nokre line frå Hans Børli igjen. Mange vil sikkert kjenne seg att i dette utdraget frå diktet I vedskålen:
Hugalt å drive på med noe
en virkelig kan.
Kløyve ved for eksempel,
dét er god medisin
for kropp såvel som sjel.
Bare dette å ta i økseskaftet
er som å handhelse på
en gammel kjenning.

Etter at andre halvdel av september gjekk med til ein etterlengta ferie på Kreta, bar det til fjells igjen. Da eg kom ut på verandaen i åttetida om kvelden 11. oktober, vart eg møtt av dette synet. Snøen lava ned, og varsla om at kaldare tider var i emning. Neste dag var det kvite teppet borte. Slik er det som regel på denne tida. Snøen kjem og går, før den legg seg for godt.


Onsdag 25. oktober, nesten sju månader etter den første turen, avslutta eg hyttesesongen 2023 med ein dagstur for å gjere Tælastuå vinterklar. Årets siste bilde viser eit landskap kledd i vakker haustbunad. No fekk eg ikkje tid til å nyte så mykje av verken ver eller utsikt denne dagen. Det var mangt som skulle gjerast, og eg måtte kome meg ned før mørket tok meg.
På turen knipsa eg også eit bilde av dei flotte skilta som Bjarne har sett opp nede i dalen. No er det to merka trasear til Tæla. Det er berre å velje.
Til dei som har vore med på denne digitale reisa gjennom sju månader med hytteliv, seier eg takk for følget. Om ikkje lenge skal sola atter begynne å verme i liene. Da er det tid for å spenne på seg skiene og ta fatt på ein ny sesong.
Skulle du ha lyst til å lese fleire refleksjonar frå Fintankjarplassen, er det meir stoff å finne her på bloggen eller i boka som eg ga ut i fjor haust. Eg må seie takk til alle som har kjøpt «Tankar og tekster frå Fintenkjarplassen». Det vart langt fleire enn eg hadde våga å håpe på. Gode minne er også bokkveldane saman med broder Ole Magne. I løpet av fire arrangement samla vi rundt 170 tilhøyrarar. Det var i alle fall langt over alle forhåpningar til to enkle kvennbørgardingar.
