Romjulsminne: Toppen-ski i florlett nysnø

I dei dagar da kvit jul var like sjølvsagt som at julaftan alltid kjem den 24. desember, var romjula ofte ei tid for å prøve ut nytt skiutstyr. Testing av nye ski i romjula var eit høgtidsstemt ritual i oppveksten. Knapt noko anna var viktigare enn å ha ski som passa og var i orden. Vi skulle tross alt ha skia på kvar einaste dag til langt ut i april.

Eg vil tru at eg fekk nye ski til jul omtrent annakvart år, etter som kroppen strekte seg. Sjølv om det ikkje let seg gjere å skjule kva som låg inne i ei pakke som var nesten like lang som juletreeet var høgt, knytte det seg alltid stor glede og forventning til å ta dei nye skiene i augesyn.

Det gjekk ofte i Toppen- eller Clipper-ski den gongen. Dei var naturlegvis av tre. Kandaharbinding gjorde at skiene kunnne brukast til ulike aktivitetar som hopp, langrenn, slalåm og fjellturar. Å eige meir enn eitt skipar var utenkeleg.

Toppen-skia var produserte av Gjøvik Skifabrikk, ein av dei mange norske skifabrikkane på denne tida. Clipper var ein del av sortimentet til Madshus. I alt har det vore rundt 200 skifabrikkar her i landet. Så seint som i 1972 var det rundt 25 skiprodusentar i Norge.

I mine gutedagar var vi som regel fleire veker inne i skisesesongen når jula kom. Snøen la seg ofte i månadsskiftet november/desember, og kanskje før. Desember var ein fin skimånad, som vi brukte til å finne formen til etterjulsvinteren sine mange og lange skiturar.

Tursesongen starta første søndagen i januar. Da opna Framtid-hytta. Skihytta var open tjue helgedagar i løpet av sesongen. Den som skreiv seg inn i hytteboka femten gongar, fekk diplom. Å gå laus på liene opp frå Karlhaugen med nye ski under beina, ga ekstra energi. Eg og eldste bror min gjekk alltid det vi makta, uansett ver og føre. Vi konkurrerte mot kvarandre, og mot klokka. På godt føre hendte det at vi klarte turen opp til skihytta på 27-28 minutt.

I godt vaksen alder likar eg framleis å gå på ski. Men det er lenge sidan eg har fått ski i julegåve. No for tida er det faktisk lurt å kjøpe skiutstyr utanfor sesongen. Da opererer sportsforretningane ofte med svært gode tilbod.

Her i Bud er det med dårleg med skiføre denne romjula. Men let eg att auga, ser eg for meg eit par nye Toppen-ski som skuva florlett nysnø til sides, og laga nye bordar i det som gjennom vinteren skulle bli til eit broderi av skispor i bakken bak fjøset.

Kommenter innlegget