Ein folkekjær gigant

Ho legg opp som ein av dei aller største i den flottaste idretten. Spora etter Maren Lundby, både i og utanfor hoppbakken, er djupe. Dei vil aldri forsvinne. Ho er eit fantastisk forbilde, og ein unik vegvisar.

Da ho annonserte at ho no sluttar som skihoppar måndag, nytta hoppsjef Clas Brede Bråthen anledninga til å plassere Maren i same sjikt som Birger Ruud og Bjørn Wirkola blant norske hopparar. Det var ikkje å ta for hardt i.

For det finst også gode grunnar til å plassere ho eit hakk over dei to mannlege legendene. Grunnen er den enorme jobben ho har gjort som forkjempar for likestilling innanfor hoppsporten. Blant norske idrettsutøvarar kan eg ikkje kome på andre enn Grete Waitz som har hatt ein liknande tilleggsdimensjon ved karrieren sin.

Utøvarar frå alle land, og hoppentusiastar verda over, er Maren stor takk skyldig for hennar kamp mot pampeveldet i internasjonal hoppsport. På sitt kløktige og stillferdige vis braut ho ned fordommar og barrierar. Ho bruka aldri store ord. Maren har gått sine eigne vegar. Det har i sanning gitt resultat.

Det er ei tid for alt. Maren er ein folkekjær idrettsutøvar, som vi vil sakne. Men det er ingen grunn til å frykte at ho skal forsvinne. Mange vil ha bruk for ein slik ressurs. Derfor kjem vi til å høyre mykje frå Maren Lundby også i framtida.

Andre står klare til å ta over arven etter giganten som no legg hoppskiene på hylla. Det gror godt i norsk kvinneleg skihopping.

Kommenter innlegget