
180 år har gått sidan det første julekortet såg dagens lys i England i 1843. Mest truleg var det teikna av den engelske kunstnaren John Calcott (1817-1903).
Det første norske julekortet vart postlagt i 1883. Den nye tradisjonen vart raskt populær, og allereie to år seinare måtte Christiania postkontor kalle inn ekstramannskap for å ta unna juletrafikken.
Julekortet lever den dag i dag. Samtidig er tradisjonen på vikande front. Posten sin statistikk talar sitt tydeleg språk. Medan vi nordmenn sendte 10 millionar julekort i 2017, var talet redusert til 3,3 millionar i fjor. Det vanlege har vorte å sende julehelsing til kvarandre på dei digitale plattformane.

Det tar berre nokre sekund å skrive ei lita helsing på SMS, Instagram, Messenger eller Snapchat. Praktisk talt samtidig med at du trykker «send», kan mottakaren lese det du skreiv. Det er imponerande – og usedvanleg effektivt.
Det tradisjonelle julekortet brukar mykje lenger tid frå avsendar til mottakar. Til gjengjeld er eit slikt kort ikkje noko du berre les fort igjennom og så kastar. Julekorta er også små kunstverk, som mottakaren kan gle seg over. Ja, eit julekort på papir er meir personleg enn ei melding på telefonen. Så får tida vise om komande generasjonar meiner det same.
Fleire enn eg vil nok minnast oppveksten, og den forventninga som bygde seg opp gjennom adventsvekene. Når dei første julekorta dukka opp i postkassen, kunne ein kjenne på ei gryande julestemning. Korta var handfaste på bevis at det verkeleg nærma seg jul.

Førjulsstemning vart det også når lærarinna vår uti desember begynte å sette av timar til julekortteikning. For dagens ekspertise framstår vel dette som pedagogiske steinalderfakter. Det får no så vere. Eg trur dei aller fleste i klassen hadde glede av teikninga. Ein skal ikkje undervurdere den læringa som låg i desse timane.
Det var heller ikkje snakk om nokon småskalaproduksjon. Tvert om. Vi var over tjue i klassen, og alle skulle ha kort. I tillegg kom slekt og vener.
Motiva på julekorta er ei heil kulturhistorie. Det eine av dei to korta som vart utgitt i 1883, viste ein fjøsnisse som kasta snøball mot eit gjerde. Mønsteret etter snøballane laga orda «Glædelig jul». Opp gjennom åra vart motivspekteret utvida, og det kom kort med kristne symbol som Jesu fødsel og Betlehemsstjerna, gards- og vintermotiv og – sjølvsagt, nissar i alle moglege situasjonar og variantar.
Fleire kjente teiknarar og illustratørar har laga norske julekort med nissar, bl.a. Nils Bergslien, Trygve M. Davidsen og svenske Jenny Nystrøm. Av nye nissekort er kanskje dei nostalgiske motiva til Kjell Midthun mest kjente.

Under krigen vart julekort med nisser i raude luer populære. I desse åra var det å gå med raud topplue sett på som ein stille protest mot okkupasjonsmakta. Mange foreldre let ungane sine bruke slik lue. Denne forma for protest fall ikkje i god jord hos okkupasjonsmakta, og 26. februar 1942 vart det innført forbod mot raude toppluer. Forbodet førte også til at julekort med nissar i raud lue vart konfiskerte.
Eit meir kuriøst innslag i historia om dei norske julekorta er femordsregelen frå 1931. Før jul dette året sendte Poststyret ut eit flygeblad til alle husholdningar. Overskrifta var «Julen står for døren. Skriv bare 5 ord». Meininga med regelen var å stimulere fleire, og ikkje minst dei mange som på den tida ikkje var særleg skrivekyndige, til å sende julekort med ei kort helsing.
Dei som heldt seg til fem ord betalte trykksakporto (7 øre). For den som ville skrive meir enn fem ord, vart summen på portoen høgare.

I dag verkar regelen nokså pussig, ikkje minst når vi veit at den fungerte heilt til 1982. Fram til dette året var portoen på julekort rimelegare for den som heldt seg til makimalt fem ord. «God jul og godt nyttår» var derfor den mest vanlege formuleringa. I 1982 var portoen for eit kort med fem ord 1,10 kr., medan eit kort med lengre bodskap kosta 1,30 kr. Den økonomiske risikoen med å skrive langt var dermed ikkje stor.
Eg saknar den store bunken med julekort som samla seg opp i løpet av adventsvekene. I vår postkasse trur eg ikkje det landa eit einaste julekort i fysisk format i fjor. Likevel fekk eg fleire julehelsingar enn eg kanskje nokon gong har fått. I innboksane på dei ymse digitale plattformane strøymde det på med ønske om ei god jul og eit godt nyttår.
Det er berre ein måte å berge julekortet på: Alle må gjere ein motstraums innsats for å halde tradisjonen i hevd. Det kjem neppe til å skje. Tidene forandrar seg, og vi med dei.


Kjelder:
Posten Norge
Wikipedia
Nasjonal Digital Læringsarena (NDLA)
Arkivverket
Nasjonalbibilioteket