
Eg er langt over middels interessert i fotball. Heldigvis er eg ikkje så fanatisk opptatt av eit enkelt lag, at eg har hamna som medlem i ein eller annan supporterklubb. Etter kampen mellom Lillestrøm og Vålerenga søndag, vart eg enda meir sikker på at eg aldri skal involvere meg i eit slikt miljø.
No tvilar eg ikkje på at mange av desse klubbane internt kan by på eit triveleg og sosialt miljø for den som er hekta på den rette trua. Alle skal ikkje skjerast over ein kam. Men dessverre: Betrakta frå utsida, framstår supporterkulturen altfor ofte som hatefull, hetsande, intolerant, ekskluderande, sjølvgod og til tider valdeleg.
Eg såg kampen på Åråsen. Dette er tradisjonelt eit såkalla hatoppgjer, som alltid fører uro og stort oppbod av politi med seg. I år var situasjonen ekstra spesiell, i og med at trenar Geir Bakke, midt i sesongen til og med, forlet Lillestrøm til fordel for Vålerenga.
Dei 22 som var ute på banen oppførte seg som kranglevorne gutungar, stappfulle av aggresjon og adrenalin. LSK-fansen på tribunen var rett og slett motbydeleg. Det høyrer visstnok med at kampar som dette skal ha «temperatur». Men å henge opp ein plakat som forestiller ein trenar som heng i galgen, akkompagnert av ein song med teksten «etter matchen skal du dø», har verken med engasjement eller «temperatur å gjere. Det er berre smaklaust og, som sagt, motbydeleg. Ja, i prinsippet faktisk straffbart.
Heimesupporterane og spelarane meiner at dette er ein form for humor som er «innafor». Det overraskar ikkje. Derimot er det verre å akseptere at også leiinga i Lillestrøm meiner det same. «Jeg synes denne tifoen er helt grei. Den er humor. Ingen tar på alvor et budskap om at noen ønsker å ta livet av noen som helst. Det er høy temperatur når Vålerenga og Lillestrøm spiller. Da må vi også tåle en tifo av den typen», uttalar styreleiar Morgen Kokkim til VG.
Hallo! Kor dum går det an å bli? Når vart drapstruslar humor? Ja da, på Åråsen vart dei framsette av ei gruppe menneske som nok ikkje var til stades da intelligens og folkeskikk vart utdelt. Det må leggast til grunn. Men likevel er ikkje dette harmlaust. Det burde i det minste styreleiaren i Lillestrøm ha forstått.
Fordi: Tida er ikkje den rette til å tulle med død og drap. Det er ikkje mange dagane sidan to svenske fotballsupporterar vart myrda av terroristar i Brüssel. Hendinga vart markert med eit minutt stillheit på norske fotballbanar, også Åråsen, denne helga. I lys av dette er det rett og slett ikkje til å tru at det finst folk som i etterkant av markeringa får seg til å rette drapstruslar mot Geir Bakke. Det er faktisk likegyldig om truslane var ein spøk, eller som dei var seriøst meint. Eg tykkjer VG-kommentator Leif Welhaven formulerer seg svært treffande når han skriv: «Å ty til den type virkemidler som Lillestrøm-fansen gjorde akkurat nå, med det makrobakteppet som foreligger, blir dessverre helt smakløst. Hvor har vurderingsevnen vært? Er dette tiden for å tøffe seg rundt et slikt tema?»
Det skal vere trygt for alle, uansett alder, å gå på fotballkamp. Det er ein av grunnane til at det ikkje er alkohol å få kjøpt på norske banar. Kva da med ei teikning av ein fotballtrenar som heng i ein galge? Skal det verkeleg vere greit? Når så mange vaksne menneske ikkje er i stand til å sjå den påståtte humoren i banneret som LSK-fansen drog opp, kan ein i alle fall ikkje forvente at små ungar skal vere det. Opplevinga verka nok heller skremmande, vil eg tru.
Dei som sit i framståande tillitsverv i idretten bør ta hendingane på Lillestrøm, og den hatkulturen som brer seg i supportermiljøa i si allminnelegheit, som ein vekkar. Dette strir imot alt det som idretten står for. Men i staden ser vi altså at LSK-leiinga ikkje har vett til å ta avstand frå den smaklause hetsen mot Geir Bakke. Heller ikkje fotballforbundet tykkjer at dette er noko å bry seg om. Eg registrerer at generalsekretær Karl-Petter Løken overfor VG kommenterer opptrinnet med unnvikande svada. Han nøyer seg med å kalle det heile «et upassende signal». Frå sin posisjon burde han ha tatt mykje hardare i. Kor meiner Løken at grensa går?