Den nest siste turen i år

Haust i fjellet.

Haustkvelden legg seg mildt over Tæla. Eg er på dag 2 i det som nok er nest siste turen i år. Med vilje gjer eg ikkje hytta vinterklar før eg går ned i morgon. Da må det bli ein tur til, uansett ver og føre.

Marsjen opp liene i går vart av det våte slaget. Blautt til gagns i terrenget var det også. Men eigentleg var det ei triveleg vandring. Når forma er brukbar og sekken lett, merkar ein ikkje regnet. Meldingane for morgondagen tyder på at også heimturen blir fuktig. Det får stå sin prøve. Fornuftige menneske hadde tatt på heimveg i dag, medan veret var fint. Men slik er ikkje eg konstruert.

Apropos lett sekk, det er ikkje så ofte eg kan unne meg slik luksus. Grunnen til at børa var så beskjeden denne gongen, er at vi har tatt litt for hardt i med provianteringa tidlegare i år. På hytta er det både vått og tørt i slike mengder, at faren for at noko må berast heimatt er stor. Ikkje alt toler ein kald og lang vinter.

Så i staden for å bere opp mat og drikke, må eg på denne turen prøve å få i meg mest mogleg av det som er på lager. Resultatet vart ein avsindig middag med hermetikkjøttbollar i går. Eg veit omtrent kor mange eg åt, men tør ikkje fortelje det. Da eg stod opp i dag tidleg, lurte eg framleis på om eg nokon gong kjem til å bli svolten igjen.

Det er sikkert ikkje sunt å halde på slik. Men det får gå for denne gongen. Heldigvis var veret så bra første del av dagen i dag, at eg fekk meg ein triveleg rusletur innover Tæla. Nokre kaloriar gjekk forhåpentleg med i same slengen.

Regn på ruta.

Naturen er vakker no. Ja, ikkje berre vakker, men også fredeleg. Det kviler ei eiga stemning over haustfjellet. Til og med søget frå Fossåa har gått frå dur til moll. Snart skal alt gå i dvale under eit teppe av snø.

Når eg no går inn i den siste kvelden på den nest siste turen, piskar regnet mot ruta. Det blir nok ei natt med mykje ver. Eg har opplevd mange slike kveldar og netter her oppe. Innafor visse grenser, er det ikkje anna enn koseleg. Eg tenner lamper og lys, legg ved i omnen, og kjenner at livet lever.

På denne siste kvelden på den nest siste turen i år.

Lys i haustkvelden.

Kommenter innlegget