Statsbudsjettet: Frå spennande høgdepunkt til flau fjert

Framlegginga av statsbudsjettet har ikkje den glansen rundt seg som ein gong var. Før i tida var innhaldet hemmeleg heilt fram til finansministeren steig opp på Stortinget sin talarstol. Lekkasjar høyrde vi lite om. I dag er det annleis. Lekkasjar har vorte ein heilt vanleg del av spelet rundt statsbudsjettet. Det som ein gong var eit høgdepunkt i året, i alle fall for oss i pressa, er i dag ikkje noko anna enn ein flau fjert.

Ikkje minst ser vi dette i valår. Da lekker den sittande regjeringa som ein sil dei siste månadene før budsjettpresentasjonen. Servering av lekre agn til potensielle veljarar blir plassert inn i ein nøye planlagt strategi. Dei mindre hyggelege nyheitene ventar regjeringa med i det lengste. Dei kjem innpakka i ekstra glansa papir på den store budsjettdagen, i håp om at folk let seg lure.

Før den digitale tidsalderen fekk avisredaksjonane utlevert statsbudsjettet i form av ei uhorveleg mengde med dokument. Eg hugsar åra som redaktør i avisa Fylket i Molde. Vi måtte møte opp hos fylkesmann Alv Jakob Fostervoll til eit bestemt tidspunkt for å hente budsjettet. Dokumenthaugen vog nok ti kilo, minst. Tilbake i redaksjonen var det å sette seg ned ved skrivepulten for å leite etter lokale nyheiter i jungelen av tal og tabellar. Det var eit nesten håplaust arbeid. Ingenting var søkbart, for å seie det slik. I dag kan journalistar orientere seg i budsjettet på ein måte som for tretti år sidan enno var rein science fiction.

Eg hugsar forresten eit år det vart skikkeleg sensasjon. Det var kanskje på 80-talet. Dagbladet hadde gode kjelder i Finansdepartementet, og kunne presentere heile budsjettet før finansministeren hadde kome seg ut av senga på den store budsjettdagen. Han vakna til at det topphemmelege budsjettet hans var hovudoppslaget i den tredje største avisa i landet. Det var eit scoop for Dagbladet, og eit sjokk for statsråden.

Ein av årsakane til alle dei planlagte lekkasjane i dag, er nok at regjeringane veit at tida for hemmeleghald er over. Det er trass alt betre med styrte lekkasjar, enn at plagsame journalistar set dagsorden.

Nei, mykje av spenninga rundt statsbudsjettet er borte. Eg håpar og trur at ein del av den gamle journalisten i meg enno er i live. Men akkurat når det gjeld statsbudsjettet, er det lite som triggar. Dessutan er sjølve budsjettforslaget ekstra uinteressant når landet blir styrt av ei mindretalsregjering. I denne perioden går budsjettet til godkjenning, eller om ein vil; politisk utpressing, hos overdommar SV. Det blir heilt sikkert ei løysing i år også. Verken regjeringspartia eller SV har råd til forhandlingsbrot og i verste fall regjeringskrise.

Eller, om eg i eit sekund lyttar til den ikkje heilt avlidne gamle journalisten i meg: Kunne vi ikkje ha kosta på oss ei regjeringskrise no, i ein situasjonen der Høgre er utan ein leiar som fungerer? Det kunne ha vorte særs underhaldande. Det var berre ein tanke, altså.

Statsbudsjettet er regjeringa sitt viktigaste styringsreiskap. Det blir harde debattar framover, og flytting av milliardar. Men mykje er spel for galleriet. Ser ein stort på det, kjem ikkje forhandlingsløysinga med SV til å avvike så veldig mykje frå regjeringa sitt opplegg. Dei samla utgiftene er trass alt på ubegripelege 1.856,6 milliardar kroner. Ein milliard utgjer berre litt over 0,05 prosent av den totale ramma. Det handlar om så mykje pengar, at dei fleste endringane aldri kan bli anna enn kosmetikk. Vi skal vere glade for at det er slik. Like greit er det også at heller ikkje eit skifte frå blå til raud regjering, eller omvendt, fører til dei dramatiske omveltingane. Dei lange linene ligg fast i dette rike landet.

Kommenter innlegget