Ein jungel av krenkehysteri

Musikkprogrammet «Jungeltelegrafen» på P2 har skifta namn til «Musikkreisen». Årsak: I krenkehysteriet si tid kan det finnast dei som opplever det gamle namnet som belastande.

Det er så idiotisk. «Jungeltelegrafen» er eit av dei lengstlevande radioprogramma på NRK. Det vart starta i 1997, med Sigbjørn Nedland som programleiar. Arne Berg tok over etter Nedland i 2018. Det er ikkje han som har tatt initiativet til namneskiftet. Programleiaren plasserar avgjerda hos radioleiinga i NRK.

Namnet skjemmer ingen, heiter det som kjent. Det er da heller ikkje det nye namnet i seg sjølv som har utløyst reaksjonane, men derimot grunngjevinga for endringa. I våre dagar ser vi at nær sagt kva som helst kan bli tatt ut av si samtid, og etter moderne wokenormar bli definert som krenkande. Bøker blir skrivne om, songtitlar må endrast, statuar blir fjerna og ikkje eingong måleri får vere i fred. I vinter opplevde vi at Nasjonalmuseet i fullt alvor sette Christian Krogh sitt kunstverk «Leiv Eriksson oppdagar Amerika» ned i kjellaren.

– Bildet er ei romantisering av nordmenn som dro til Amerika. Det er eit kolonialistisk bilde, sa avdelingsdirektør Stina Högkvist ved Nasjonalmuseet – også det i fullt alvor – til Aftenposten.

Det vart eit forferdeleg rabalder, som enda med at direktøren måtte beklage heile greia.

Når alt frå fortida skal lesast inn i samtida, så kan det ikkje gå anna enn gale. Vi blir historielause.

Eit av dei første første krenkeorda vi høyrde om, begynner på n. Eg minnest ein episode på «Farmen kjendis» for nokre år sidan, der den tidlegare handballspelaren Kjersti Grini plutseleg fekk sjå ei mørkhuda ku. Ho sa noko som dette: – Oi, ei n…ku!

Det impulsive utbrotet gjorde at ein av dei kjenslevare influensarane som var til stades braut ut i krampegråt. Og sjølvsagt: Nettet koka, som det heiter no for tida.

Eg veit ikkje heilt korleis denne verda skal bli til slutt. Ein kan berre lure på kva som ventar rundt neste sving.

Kan NRK leve med programmet «Bluesasylet»? Blues er vel greit nok. Men asyl? Det betydde jo i gamle dagar det same som galehus. Sett inn i dagens krenkekontekst, betyr det at NRK stemplar dei som høyrer på blues som folk utan vett og forstand. Nei, det kan ikkje gå særleg lenger.

Og kva med «Nitimen»? Tilsynelatande eit uskuldig namn, må ein seie. Men så enkelt er det likevel ikkje. Programmet faktisk varer jo i to timar. Folk kan bli forvirra av mindre. Det er ingen spøk å oppdage at ein har lytta til radio i to timar, når ein trudde det var berre ein. Den som heilt uforskyldt blir sendt inn i ein forvirra tilstand som takk for innbetalt NRK-avgift, kan heilt sikkert oppleve det som krenkande.

I Måløy ber alle gatene namna Gate 1, Gate 2, Gate 3 osb. Kanskje NRK kan adoptere denne ideen ved å berre nummerere programma gjennom dagen? Dagsnytt kl. 00.00 blir da Program 1. Så er det berre å plusse på gjennom døgnet. Ikkje anna enn eg har rekna meg fram til, vil Nitimen bli Program 29 på ein vanleg P1-dag.

Ideen er med dette servert, heilt gratis.

Kommenter innlegget