Frå late feriedagar til julehefte og boklansering

Etter to veker på Kreta har vi to i Robinsonmarka 26 vendt tilbake til kvardagen. Vi hadde, som alltid, eit flott opphald på den greske øya. Så var det, også som alltid, godt å kome heim igjen. Det er ei tid for alt. Også feriar.

No blir det for mitt vedkomande nokre innhaldsrike veker framover. Eit par julehefte skal redigerast. Dei skal helst gå i trykken før oktober er omme. I tillegg har eg prestert å sele på meg eit bokprosjekt.

Jul på Nordmøre kjem i år ut for 88. gong. Eg er leiar for skriftstyret. Det betyr i praksis at heftet ligg i bakhovudet heile året. Arbeidet startar som regel rundt St. Hans. Med meg i skriftstyret har eg Karin Ormbostad frå Kristiansund og Gjøran Storsæther frå Frei. Vi er eit effektivt team, som jobbar godt i lag.

Drivkrafta bak årsskriftet til Stangvik historielag er arbeidsjarnet Marit Haugen frå Kvanne. Eg er medlem av redaksjonen, med redigering som den viktigaste arbeidsoppgåva. Med på laget er også kunnskapsrike Torbjørn Polden frå Raudsand. Eg tykkjer vi får til mykje bra. Så lenge tilbakemeldingane er gode, er dette eit givande oppdrag.

Boka «Tankar og tekster frå Fintenkjarplassen» vil vere i handelen i byrjinga av november, eller der omkring. Det blir fleire lanseringsarrangement. Bokpub på Tingvoll 8. november står først på programmet. Der skal eg bokbadast av broder Ole Magne. Det er godt at vi har vorte nokonlunde vaksne. For 60 år sidan hadde nok ein slik prat enda med slåsting…

Men no er det ingen fare. Vi er to fredelege, aldrande karar, som har stanga av oss dei fleste horna. Ved sida av boka, skal vi under samtalen også innom andre tema. Dessutan forstår eg det slik at Ole Magne kjem til å ta med seg ein bunke vinylplater frå si enorme samling. Det ligg an til musikk frå dei åra vi begge hadde vår musikalske oppvakning – altså pluss/minus 1970.

20. november blir boka presentert under eit arrangement på Sunndal bibliotek. Så blir det eitt eller anna opplegg både i Surnadal og Bud, utan at tidspunkt, stad og form på arrangementa enno er bestemt. Eg får drøfte saka med manager Nils Ulvund. Han manglar verken idear eller handlekraft. Ja, det er mangt ein skal rote seg borti som pensjonist. Samtidig ser eg det slik at folk som heile tida veit sitt eige beste, går glipp av mykje moro.

Kontrasten er stor mellom det eg no fyller dagane med, og ferielivet på Kreta. Det var stas å kome tilbake til både plassen og alle dei hyggelege menneska. Av ulike årsakar er det fire år sidan vi sist var på øya. Vi la opp til ein lite avansert ferie denne gongen, utan utflukter eller anna planlagt program. Sakte levde vi oss gjennom dei fjorten dagane, einige om at ferieplanen var ein stor suksess.

Det meste var som før i Platanias. Nokre nedlagde restaurantar og butikkar kunne vi sjå. Men stort sett hadde dei som livnærer seg på turisme kome seg gjennom dei krevjande koronaåra. I heile 2020 var alt stengt. Det må ha vore ei frykteleg påkjenning for dei som vart ramma. I Hellas utgjer turisme 20 prosent av brutto nasjonalprodukt. I 2020 fall inntektene frå 18 til 4,3 milliardar euro. 76 prosent av turistane var borte over natta.

Kreta har fleire ansikt. Det er stor forskjell på dei sydande turiststadane, og dei små samfunna ein møter ute på landsbygda. Turismen gjer likevel at Kreta i snitt har langt høgare inntekt per innbyggar og mindre arbeidsløyse resten av Hellas.

Sidan turistsesongen på øya varer i berre seks månader, blir det eit hektisk halvår for dei som arbeider på hotell, restaurantar og i forretningar. Fleire av dei vi kjenner, fortalde at dei sidan sesongstarten i mai ikkje har hatt ein einaste fridag. Arbeidsdagane er i tillegg lange, og det finst ikkje forskjell på ørk og helg. Men slik er livets realitetar her. Ikkje alle samfunn har råd til å vere så gjennomregulerte som det norske.

Vår ven Janis er sin eigen arbeidsgivar. Saman med kona si driv han den vesle restauranten CaPriccio. Dei opnar om morgonen for å kunne servere frokost, og stenger ikkje før langt på natt. Janis har vore på jobb 17-18 timar kvar einaste dag i snart eit halvt år. No er han sliten. Han hadde ikkje trengt å seie det. Mannen bar preg av at han treng ein ferie.

Janis er ein triveleg og humørfylt kar. Han er også Molde-patriot. Når eg skal sjå fotball, går eg som regel til han. Da blir det MFK-flagg på bordet og rundhanda servering av gratis raki når Molde vinn. Ja, også om dei tapar. Rett skal vere rett.

Gode ferieminne er ein fin ballast å ta med seg inn i mørketida. Sjølv om programmet er noko tett framover no, skal eg legge inn i alle fall to hytteturar til før vinteren kjem. Det er utruleg kva ein får tid til, berre det ein held på med er lystbetont. Gjennom eit langt liv i kamp mot klokka, har eg lært meg ein ting: Det er stor forskjell på å ha det travelt og å vere stressa. Det første er faktisk heilt ufarleg.

Kommenter innlegget