MEDIA

P1 har vorte ein reklamefri versjon av P4. Det gamle flaggskipet opererer i eit farvatn prega av tannlause pludreprogram og ditto musikk.
Eg høyrer ofte på radio. Radioen står alltid på i bilen, og som regel når eg syslar med ting innomhus. På den TV-lause (gudskjelov for det) hytta vår blir det veldig mykje radiolytting. I det heile er radioen eit genialt medium, som ein i våre dagar kan ha med seg overalt. Har du ein smarttelefon, har du også radio.
Det er rundt førti år sidan NRK-monopolet vart oppheva. I dag har vi eit utal av radiokanalar å velje mellom. I utgangspunktet skulle ein tru at stort utbod av kanalar fører til breidde i tilbodet. Men i radiouniverset har ikkje dette skjedd. Tvert om, faktisk. Når eg blar gjennom kanallista på radioen, er eg usikker på om eg ser mangfald eller einfald. Det er vel helst det siste.
Eteren er for alle i dag, og folk må få lytte til det dei vil. Det som likevel forundrar meg, er korleis NRK har latt P1 utvikle seg til det eg innleiingsvis kalla ein pludreradio, der det snart berre er tittelen på programma som skil dei frå kvarandre. Programprofilen er prega av eit desperat forsøk på å halde kommerskanalane unna livet i kampen om lyttarane. Om strategien med å la desse konkurrentane sette premissane for lyttartilbodet har lukkast, kan kanskje diskuterast. I dag har P1 25 prosent av marknaden. I 2003 var andelen på 39 prosent.
Det er sjølvsagt lett å bli nostalgisk, og prega av alder er ein jo. Da eg ein dag her i vår kom i skade for å hamne innom Nitimen, begynte eg å lure på kva nitimegründer Kjell Thue ville ha tykt om programmet sitt, der konseptet no for tida i hovudsak er at to programleiarar skravlar og ler av kvarandre. Eg konkluderte med eit håp om at han ikkje sit på ei eller anna sky og høyrer på.
Eg håpar også at NRK Møre og Romsdal-legenda Joachim Rønneberg ikkje har funne seg ei slik sky. I dag fortener radiosendingane frå NRK Møre og Romsdal berre ein karakteristikk: Tragisk. Eg har høyrt på distriktssendingar frå andre fylke. Det er ikkje stort betre. Eg må ile til og seie at det ikkje er dei mange flinke journalistane rundt om på distriktskontora som har bestemt at det skal vere slik. Profilen på distriktssendingane er er sjølvsagt eit resultat av den same overordna strategien som meir eller mindre har øydelagt P1. Alt skal pressast inn i det same formatet.
For ikkje så mange år sidan gjekk det an å sitte på hytta ein laurdagskveld og kose seg med ein variert P1-meny. Laurdag 12. august 2023 baud kanalen til samanliking på berre to program frå kl. 18 til midnatt. «Lørdagskveld i NRK P1» og «Feriestemning» varer i to timar kvar. Utan at eg har sjekka så veldig nøye, har eg ein sterk mistanke om at dei to programma er bygd over same lest. P4-menyen inneheldt eitt einaste program i det same tidsrommet, «Lyden av P4». Det er ikkje noko anna enn lyden av den typen musikk ein høyrer i drosjer og på frisørsalongar.
Før var P1 eit sjølvsagt val både i bilen og på hytta. I dag har eg heilt kutta ut kanalen. Den står ikkje eingong på favorittlista mi på bilradioen. Men eg lir inga naud. NRK P2 er eit framifrå alternativ, med gode program til både underhaldning og kunnskap. NRK Nyheter høyrer eg på fleire timar for dag. P2 er også, enn så lenge, ei nokonlunde låtfri sone. Programinnhaldet står på eigne bein, utan stadige avbrot av musikk som er tilpassa heilt andre målgrupper enn dei som høyrer på. Musikken finn eg på NRK Jazz, NRK Klassisk, NRK P13, P6 Rock og Radio Vinyl.
Eg har ein mistanke om at ein del radiolyttarar er «fastfrosne» til P1. Det er berre å kome seg ut av isen og utforske alternativa. Verda utanfor P1 er trass alt ikkje heilsvart.
NRK må, som alle andre, fornye seg. Men det er ein viktig forskjell på statskringkastaren og dei private, reklamefinansierte aktørane: Lisensfinansierte NRK har eit samfunnsansvar å forvalte. Samfunnsansvaret inneber ei plikt til å femne breitt, og ta omsyn til særgrupper og smale interesser. NRK meiner sikkert å ha alibiet i orden gjennom dei nisjekanalane dei har oppretta dei siste åra. Men det er for tynt. Å gjere den største og viktigaste kanalen om til ein reklamefri kopi av P4, handlar ikkje om samfunnsansvar, men om journalistisk populisme og feigheit.