Til å få mark av

SPRÅK

Språket er i utvikling, heiter det. Nye ord og uttrykk kjem og går. Slik har det vore til alle tider. Men treng vi å akseptere alt det nye? Nei!

Truleg har eg i overkant lett for å irritere meg over moteord og -uttrykk som siv inn i språket og blir misbrukt i hytt og pine. Det er ei plagsam lyte. Men eg har akseptert min lagnad.

Akkurat no irriterer eg meg meir enn kva godt er over journalistar som lurer på kva folk «tenker». Til og med i ærverdige Dagsrevyen har driten tatt sete i redaksjonen sitt vokabular. No spør ikkje lenger reporterane: «Korleis vurderer du situasjonen?» På 2023-norsk heiter det: «Kva tenker du om situasjonen?»

Den siste tida har journalistar vore på farten og intervjua både redningsmannskap og offer for ekstremveret. Eg noterer at mange av journalistane har vore veldig opptatt av tankelivet til desse menneska. «Elva stig frå minutt til minutt. Kva tenker du?». «To hus er tatt av ras. Kva tenker du?». Det er til å få mark av.

NRK skal visstnok ha ein språksjef. Eg veit ikkje kva vedkomande tenker om dette språklege ugraset.

Så kan vi sjølvsagt håpe at tenkesyka etter kvart gir seg, til liks med ein del andre irriterande språkfenomen. Eg registrerer med glede at forholdismen ikkje er så påtrengande som før, og det er også langt færre som no seier «å gå for» – ei meningslaus fornorsking av det engelske «to go for». Samtidig lever «sykt» og «sinnssykt» i beste velgående. Det samme gjer ord som «dødskult» og «dødsbra». Så det går litt opp og ned.

Det er forskjell på utvikling og forfall. Språket treng å bli røkta, meir enn nokon gong. Tenker eg.

Kommenter innlegget