Ei vakker historie – og ein rar fotballkamp

SPORT

Klaksvik sin stjernespelar Árni Frederiksberg (i midta) herja med Sivert Mannsverk og dei andre moldepspelarane. (Foto henta frå avisa Dimmalætting).

Eg har alltid hatt sans for såkalla underdogs. Det er noko spesielt med desse som slår nedanfrå, enten det no er i idrett eller andre samanhengar.

De siste vekene har eg følgt med fotballklubben Klaksvik frå Færøyane. Dei har dratt rolla som underdog ut i det ubegripelege. Leia av den norske trenaren Magne Hoseth, som tok med seg moldelegenda Daniel Berg Hestad som assistenttrenar til øyriket, har klubben dei siste vekene stått for det eine mirakelet etter det andre. I Champion Legaue-kvaliken slo laget først dei ungarske og svenske seriemeistrane, før Molde denne veka måtte reise heim frå Færøyane med 1-2 i bagasjen. No må laget frå Rosenes by verkeleg ta seg saman, om det skal bli meisterligaspel på Aker stadion.

Eg såg kampen på Rbnett. Det var ei rar oppleving. På den eine sida ønsker eg sjølvsagt meir enn noko anna at Molde skal greie å kvalifisere seg til Champions League. Samtidig er Klaksvik-eventyret så fascinerande og gripande, at eg faktisk kom i skade for å juble meir da dei gjekk opp til 2-1, enn da Molde tok leiinga. No var eg faktisk ikkje så reint lite irritert på det stilleståande moldelaget. Men likevel er slikt ikkje bra av ein ihuga MFK-supporter. Så er det slik at fotball meir enn mykje anna handlar om kjensler. Vi får skrive den illojale jublinga på den kontoen

Klaksvik gjennomførte etter mi meining ein fenomenal kamp, der dei ikkje minst taktisk tok innersvingen på moldensarane. Klaksvik varta opp med rein Drillo-fotball, effektiv som berre det. Det såg, merkeleg nok, ut til å kome overraskande på Molde, som heldt fast på den balltrillande stilen sin. Det måtte gå gale. For Molde, altså.

Klaksvik si bragd er ei på fleire vis ei vakker historie. Dei reint sportslege bravadane er fullstendig uverkelege. Færøyane er ein miniputtnasjon når det gjeld fotball. Verken landslaget eller klubbane har noko å vise til. Dei økonomiske rammene er heller ikkje all verda. Klaksvik har eit årsbudsjett på ni millionar kroner. I Molde har dei 17 gonger meir å rutte med. For å sette ting i perspektiv: I 2021 hadde dei tre moldespelarane Magnus Wolff Eikrem, Etzaz Hussain og Erling Knutzon til saman ei skattbar inntekt på over 11 millionar kroner. Alle tente godt over tre millionar netto.

Men Klaksvik har Hoseth og Hestad. Klubben har allereie kome så langt i Champions League-kvaliken, at dei uansett utfall i returkampen mot Molde er sikra gruppespel i Conference League. Ordet historisk strekk ikkje til. Heime på Færøyane leiar laget serien, Betrideildin, med suveren margin. Så langt har dei spela 16 kampar utan å avgi eit einaste poeng.

Eit anna kapittel i denne vakre historia er Vegard Forren. Han var i mange år ein bauta i Molde-forsvaret. 33 landskampar fekk han også. Sjølv om han ikkje alltid har gjort det så enkelt for seg sjølv utanfor banen, har seg sans for Forren. Han er ein sympatisk og ærleg kar, som alltid spelar med hjartet utanpå drakta.

Da karriera såg ut til å nærme seg endepunktet, vart han henta til Færøyane av Magne Hoseth. Her har Forrren fått ein ny vår. I kampen mot Molde ruva han i Klaksvik sitt midtforsvar på godt, gammalt vis. Heilt enormt var det å sjå da han i oppgjøret mot Häcken tok det avgjerande straffesparket, og sikra klubben avansement til tredje runde. Det var eit rørande fotballaugeblikk. Rett og slett. Vegard Forren er for meg ein viktig del av den vakre historia som Klaksvik no skriv.

Så får vi sjå korleis det går i kampen på Aker stadion 15. august. Det gode er at vi får sjå begge laga vidare i Europa, uansett korleis det går. Men sjølvsagt både håpar og trur eg at Molde hamnar i den gjevaste cupen. No må eg skjerpe meg.

Kommenter innlegget