
Det ligg mykje historie i gamle hyttebøker. På ein stille styggversdag, har eg trøydd tida med å lese dagboksnotatane frå dei åra da Ane og Peder Kvendbø bygde hytta vår, Tælastuå.
Ane og Peder starta med hytteprosjektet sitt tidleg på 1950-talet, da dei fekk overta fjøset som høyrde til setra på heimgarden min. Peder reiv ned fjøset, og bruka materialene til å bygge ny hytte eit lite stykke lenger aust.
Medan bygginga pågjekk, budde Ane og Peder i seterskjelet. Først i 1958 kunne dei for første gong overnatte i den nye residensen sin, som på ingen måte var ferdig da dei flytta inn.
65 år har altså gått sidan den gongen. Hyttebøkene fortel om eit par som var levande interesserte i bygginga. Å reise ei hytte på Tæla var ingen dans på roser. Kvar helg bar dei tunge bører frå Kvennbø. Ikkje sjeldan sette dei att noko av lasten nede på myrene. Dette henta dei neste morgon.
Nedteikningane i hyttebøkene er ført i pennen av Ane. Skildringane av livet på Tæla er detaljerte. Nokså typisk er denne epistelen frå søndag 23. september 1961, da dei kunne notere ein liten milepæl i bygginga: Kom opp presis kl. 6. Bar 2 glasråmer og sekk med glasrute til gangen. Fint varmt ver. Raud fin sol over Reinsfjellet. Det small 2 gong i Blomlia, og ei kolle kom springande og tok stien fatt. Mesta fårleg. Fint på Tæla. Koka kaffe og åt. Sett inn glas, og reidde opp seng for første gong i det øvre kammerset. Ha opp gardiner, vaska golv og gjorde det triveleg. La oss tidleg, for det var mørkt. Les og løyste kryssord. Bles ut ljoset. Tende på att og les att. Det var vanskeleg og uvandt å ligg i ei god seng. Måneskinn over Storfjellet. Mildt og godt.
Tradisjonen med å skrive i hyttebøkene har vi som eig hytta i dag ført vidare. Eg har notert ned kvar ein tur sidan overtakinga i august 1992, og skrive ein liten epistel absolutt kvar dag eg har vore her sidan. Til no har det vorte rundt 1.600 i talet.
Mykje har forandra seg sidan Ane og Peder levde hyttelivet sitt på Tæla. Men akkurat her i Tælastuå har tida på mange måtar stått stille. Dagane til meg og Mette her oppe er slett ikkje så ulike dei Ane skildrar i hyttebøkene. Framleis er det verken vatn eller straum innlagt her. Og tunge bører veit vi godt kva er. Som betaling for å ha hytte på ein slik plass får vi eit ukomplisert liv med rom for å dyrke dei små og ekte gleder, tid til å prate, tid til å nyte naturen – ja, heilt enkelt tid til å leve. Vi ville ikkje ha bytta med nokon.
Akkurat denne turen er eg åleine. Skodda heng tjukk over det høgsommargrøne landskapet. Dei sju sauene som har beita på stølen sidan i dag tidleg, ser ut til å ha slått seg til for natta. Dei lever, som eg, eit sorglaust liv.
På veg inn i kvelden sender eg varme tankar til Ane og Peder.
