Draumen om ei sakte adventstid

Julegata på Øra 1965. Foto: Arnt Bergheim.

Inni meg har eg alltid hatt ein tanke om å få leve adventstida sakte. Det er ein draum om ro og forventning.

Her i huset er vi no to pensjonistar. Eg køyrer ikkje lenger over tusen kilometer i veka for å kome meg til og frå arbeid. Kveldsarbeidet er ein saga blott. Det er Mette som styrer juleførebuingane. Ho er ein meister i ikkje å lage stress og kav. Det slår meg at i år greier vi faktisk å leve sakte – også i adventstida. Det gjev ei utruleg god kjensle. Det blir jul i stua. Alt blir reint. Og alt blir triveleg.

I oppveksten gjekk draumen om adventstida og julehøgtida alltid i oppfylling. Stemninga vi kjente på i førjulsvekene var noko stort i seg sjølv. Eit høgdepunkt var turen til Surnadalsøra for å ta julegata i augesyn. I mitt minne skjedde denne turen alltid på søndag ettermiddag. Det var skumring, og lett nysnø dryssa ned over Øra. Ein magi som ikkje utan vidare let seg mane fram igjen. Vi gjekk frå butikk til butikk. Den eine juleutstillinga overgjekk den andre. Utanfor Mauset-butikken vart stoppen ekstra lang. Der låg dei nyaste Hardy-bøkene innafor butikkglaset. Ville nokre av dei hamne under vårt juletre?

Mi barndoms grend i vinterskrud. Bildet er tatt rett etter nyttår i 2021.

I dag er det ikkje så mykje att av juleutstillingane i butikkane. Ein ser sjeldan eller aldri barn som står klistra inn til glaset og beundrar stasen på innsida.

Så endeleg, når mørket senka seg over gard og grend på julaftan, såg vi enden på ventetida. Sjeldan varte far sitt fjøsstell så lenge som denne kvelden – tykte vi. No var nok sanninga heller at han skunda seg litt ekstra. Men for oss gutane, som satt spente og utålmodige inne i stua, kjentes det ikkje slik… Til slutt gjekk det i ytterdøra. Far kom inn, vaska av seg fjøslukta og fekk på seg finkledene. Julekvelden kunne starte.

Den gode og trygge jula frå barndommen sitt solid festa i minnet. Mange har det slik, vil eg tru. Som bestefar håpar eg at barnebarna mine, som eg skal feire jul saman med i år, ein dag kan sjå tilbake og seie det same. Difor er det så triveleg å oppleve at julegleda hos to gutar som bur i Rogaland, er den same som eg sjølv opplevde for femti-seksti år sidan. Materielt sett har jula forandra seg ikkje så reint lite gjennom desse åra. Attom fasaden er likevel mykje som før.

Så får vi berre leve med at kvit jul i framtida ser ut til å bli unntaket, og ikkje regelen. Den faste ramma for høgtida er ikkje lenger snø, skiføre og kuldegrader. Men for oss som er godt vaksne, vil nok biletet av den kvite jula aldri sleppe taket. Vi kjem ikkje til å gje opp håpet om ein julaftan med knirkande snø under skoene, vebju og snøfnugg seglande gjennom lufta. Slik det var før i tida.

Ikkje mykje var større enn å få ei Hardy-bok til jul. Boka lengst til høgre er den første eg vart eigarmann for – ei julegåve frå bestemor mi i Bøfjorden på 60-talet.

Kommenter innlegget