«Tenn eit lys og finn fram ei god bok. Ja, gjer noko som er unyttig»

Det er siste formiddag i november. I morgon går vi inn i julemånaden, med alt det som den har å by på – frå julegåvekjøp og trivelege tradisjonar til meir trivielle gjeremål som vasking og anna styr.

Utanfor vinduet lavar snøen ned. Bud er pynta i kvitt. Innandørs går pensjonistlivet på låggir. Vi har gjort unna vår faste morgonrutine med frukost og Politisk kvarter til. Mette har vaska nokre skap, og har tenkt å la det bli med det i dag. Ein liten innsats kvar dag, så kjem jula nesten av seg sjølv. Og eg? Det går som vanleg mest i unyttige ting. Eg har ikkje tenkt å vere så veldig nyttig av meg som pensjonist.

I tråd med denne målsettinga kjem eg i morgon til å sette meg ned for å sjå første episode av «The julekalender». Serien går på kanalen TV2 Zebra. Eg brukar som oftast Apple TV. Da kan eg sjå når eg vil. Eg gler meg til gjensynet med Olaf, Gjertrud, Benny og nissane.

«The julekalender» vart vist på TV2 første gong i 1994. Den vart sendt på kanalen i fleire år framover, og vart umåteleg populær. Ei stund gjekk nesten alle rundt og sa at «de e bærre lækkert».

Eg aner ikkje kor mange gonger eg har sett serien. Stort sett kan eg handlinga ut og inn. Spørsmålet må dermed bli: Kvifor held ein aldrande mann på slik? Svaret er vel så enkelt som at dette har noko med stemning og tradisjon å gjere. Jul og advent handlar jo i stor grad om å gjere ein del ting på akkurat same måte som i fjor.

Eg likar både advent og jul. Vi har godt av dette avbrekket no i den mørkaste tida. Derfor er det så viktig at vi ikkje kveler det heile i stress og kav. Gjesterommet som vart vaska med grønsåpe på denne tida i fjor, og som sidan har vore i bruk ein gong, treng ikkje ein ny omgang i år.

Sett deg heller ned. Tenn eit lys og finn fram ei god bok. Ja, gjer noko som er unyttig. Det er, når alt kjem til alt, det mest nyttige du kan gjere.

Kommenter innlegget