
I eit år der det av ulike årsakar ikkje ser ut til å bli så mange vårskiturar til Tæla, går det an å klikke rundt i gamle bilde og gle seg over gode minne.
Tæla er eit snøfast område. Som regel er det slik at uansett kor råtten vårsnøen måtte vere nede i liene, ligg den fin og fast oppe på Tæla. Fleire år har eg gått på ski i dette vakre og kjære terrenget heilt til slutten av mai.

Vårskiturane byr på heilt spesielle naturopplevingar. Går ein frå brua i Kvenndalen og opp til Tælastuå jamnt på denne tida av året, kan ein som i eit slags sakte-TV oppleve korleis naturen vaknar til liv. Den eine fredagen stikk busken så vidt opp i dagslyset. Ei veke seinare er den befridd frå ein halv meter med snø, og dei første teikna på at lauvet skal springe er tydelege. Det er så mykje å sjå. Berre ein ser.

Frå hytta kan vi følge med på Fossåa. Som regel ligg ho skjult, men ikkje heilt lydlaus, under snø og is når skisesongen startar. Så vaknar ho etter kvart til liv, og kjem fram i dagen. Eit år kan prosessen ta tid, andre år skjer det heile brått som ein eksplosjon. Det kjem an på snømengde, vind og ver.

Vi i Tælastuå sluttar aldri å undre oss over korleis snøsmeltinga kvart år greier å lage nøyaktig like snøflekkar i fjellsidene. I ein kort periode er bakkar og berg borti Bollknubben nesten som ein dyrepark med fuglar og firbeinte skapningar, før vårsola øydelegg form og fasong. Det er rart å tenke på at det same har skjedd år etter år, gjennom uminnelege tider. Dei som gjekk her for mange hundre år sidan, såg det same som vi let oss fascinere av i dag.
Å ta inn over seg våren i fjellet er å sjå det vesle i det store. Dette store underet, samansett av ei uendeleg mengde med små og usynlege mirakel.
(Klikk på bilda i galleriet under for å gjere dei større).

Langtur til Raudmelen 1. mai 2005. Turfølge er Gudrun og Gunnar. 
Kvenndøla er vårkåt. 23. mai 2012. 
Tur til Litjfjellet 24. mai 2012. Det vårast nede i Kvenndalen. 
Våren kan vere lunefull. 30. mai 2019. 
Det livnar i lundar. 9. mai 2004. 
Enno mykje snø, men vår i vente. 1. april 2018. 
Kveld i hytta. 12. mai 2018. 
Vår på Stølen. 20. mai 2018. 
Det gode liv. 29. april 2017.