Blikk på julehefta før og no: Det har vorte så mange at ein må tjuvstarte

Julehefte frå tider som var.

Eg gjekk på ein smell i fjor, og vart sittande med uleste julehefte til langt uti januar. Forsettet i år er å ikkje kjøpe fullt så mange hefte, og i tillegg starte lesinga tidlegare. Difor er eg allereie i gang. Det kjennest ut som ein tjuvstart. Samstundes er det mykje trivelegare å lese julehefte i adventstida enn i januar, når alt liksom er over.

Julehefta er ein tradisjon som går heilt tilbake til 1800-talet. Ein skulle kanskje tru at desse hefta i dag var som fortidslevningar å rekne. Men slik er det ikkje. I digitaliseringa sin tidsalder lever tradisjonen i beste vågåande. Dei gamle hefta held stand, og nye kjem stadig til. Aftenposten hadde nyleg ein omtale av heile 66 julehefte som har kome ut i år. Der var ikkje den store floraen av lokale årsskrift og julehefte med. Så utvalet er rett og slett enormt. Årleg kjøper vi nordmenn rundt halvannan million julehefte.

Framsida på «Julehilsen», et julehefte utgitt av Norsk bibliotekforening og Stenersens forlag 1925.

Dei første julehefta som kom ut hadde eit litterært innhald, med bidrag av landets fremste forfattarar. Wikipedia nemner store namn som Jonas Lie, Alexander Kielland, Knut Hamsun, Sigrid Undset, Gabriel Scott, Bjørnstjerne Bjørnson og Henrik Ibsen. Mikkjel Fønhus skal ha vore bidragsytar i over 200 julehefte.

Også illustrasjonane var påkosta. I eldre hefte kan ein finne kunst av m.a. Erik Werenskiold, Hans Gude, Gerhard Munthe, Nikolai Astrup og Eilif Pettersen.

No er denne typen julehefte på full fart tilbake. «Juleroser», «Hellige jul», «Glædelig Yule» og «Julehistorier fra alle tider» er tre eksempel på fyldige hefte som inviterar til fine leseopplevingar år. Eg har akkurat starta på den sistnemnde.

«Vangsgutane» 1965 – rein julenostalgi.

Elles er det ei mengde med teikneseriar å velje i – av både gammalt og nytt. For eigen del held eg meg til dei tradisjonelle, og greier ikkje å sjå for meg ei jul utan «Vangsgutane», «Smørbukk, «Nr. 91 Stomperud», «Tuss og Troll» og «Jens von Bustenskjold». Når August Stomperud på mirakuløst vis rekk julemiddagen heime i Sørum, da kan jula starte.

I mine gutedagar var utvalet av religiøse julehefte stort. På Eidet, der eg vaks opp, var «Juletanker», «Fiskerens Venn», «Samenes Venn» og fleire enn det fast inventar i mange heimar. Gode minne frå adventstida i oppveksten er da vi vart sendt ut med ein bunke med slike hefte og banka på døra til folk. Salet gjekk alltid lett. Ofte vanka det også ein smak av julebaksten eller ein sjokoladebit til seljarane. Folk hadde god tid – i adventstida som elles i året. Det kvilte ei eiga adventsstemning over gard og grend. Heldige er vi som fekk oppleve dette.

«Jul på Nordmøre» 1962 med Anders Moe Rognhaug si framside.

Sjølv er eg så privilegert å få redigere tradisjonsrike «Jul på Nordmøre», som i år kom ut for 85. gong. «Jul på Nordmøre» representerer ein kategori julehefte som trygt kan kallast kulturinstitusjonar og identitetsberarar. Framleis er salstala gode, og når eg ein gong uti juni startar arbeidet med å kontakte potensielle bidragsytarar, er det som regel berre ja å få. Honoraret er ikkje noko anna enn æra. Men det ser ut til å vere meir enn nok.

Ein bauta mellom desse som opp gjennom åra har bidratt både i «Jul på Nordmøre» og andre liknande hefte er Anders Moe-Rognhaug. Ifølge Wikipedia har han skrive nær 300 sjølvillustrerte dikt og forteljingar og måla rundt 50 framsider. Ein finn arbeid av Anders Moe-Rognhaug i alle ungdomslagshefta frå Romsdal og nordover.

Det er mykje god julelektyre å velje i. Men altså: Det gjeld å kome i gang med lesinga, før kalenderen plutseleg viser januar.

Gamle travarar, Jul på Nordmøre (årgang 85) og Jul på Sunnmøre (årgang (53).

Kommenter innlegget