Tidleg sommar – carpe diem!

Kalenderen viser 2. juni og Tæla er snart grøn. Noko slikt har eg ikkje opplevd før. Sommaren er alt komen – fleire veker før tida.

Vanlegvis er landskapet her oppe brunt i byrjinga av juni. Ja, det kan også vere snø. For 23 år sidan gjekk folk på ski over stølen den første veka i juni. Og Fossåa låg framleis under snø og is.

Naturen går sine eigne vegar.

Sakte sig kvelden på, og vi som residerer i Tælastuå sit på verandaen og tek herlegdomen inn over oss. Vi har hatt ein makalaus fin dag. Ikkje eit einaste såkalla fornuftig gjeremål er utført. Faste rutiner, avslappping med godt lesestoff, soling og ein fin tur langs Fossåa med innlagt lunsj tok den tida det tok.

Av og til handlar livet om berre dette eine: Carpe diem. Grip dagen!

Kommenter innlegget