Ein privilegert redaktør

Utsikt mot Sunndalsfjorden frå hotellglaset.

 

Det er tysdag kveld. Eg residerer på Trædal hotell & turistsenter, som eg vanlegvis gjer ein gong i veka.

Bak meg har eg ein arbeidsdag på tretten timar. Ei lang økt, ja. Men eigentleg nokså lystbetont. Eg blir visst aldri lei av dette lokalavislivet.

I dag har det rett og slett vore artig. Vi held på med Hydro Cup-avisa, som er eit av dei verkeleg store løfta i løpet av året. Redigeringsarbeidet går lett når ein ser at journalistar og frilansarar leverer artiklar av beste merke, og annonseinntektene er høgare enn nokon gong. Det er i det heile tatt eit privilegium å få vere redaktør i eit arbeidsfellesskap som Aura Avis.

Vi har ei enkel målsetting: Innafor sitt nedslagsfelt skal Aura Avis heile tida vere best.

Det er ein kamp.

På papir.

På nett.

Eit kjør for å finne dei beste sakene.

Ei evig jakt etter den neste annonsekrona.

Eg tykkjer vi jamnt over lukkast godt. Fordi: Eg har medarbeidarar som brenn for lesarane, annonsørane, avisa og arbeidsplassen sin. Eg jobbar i lag med ein gjeng som alltid tek ut det siste for at resultatet skal bli så godt som muleg. Over tid utgjer denne mentaliteten ein stor konkurransefordel.

Eg kjem til at dette er den 22. Hydro Cup-avisa i mi redaktørtid i Aura Avis. Gjennom alle desse åra har vi vore samarbeidspartnar med cupen, som ikkje kan kallast noko anna enn eit eventyr. Hydro Cup er i dag ein fotballcup som på alle måtar held nasjonalt toppnivå. For Aura Avis er det ei ære å få vere ein liten del av dette fenomenale maskineriet.

Det har absolutt vore ein god dag. I morgon skal vi fullføre avisa, før ein ny deadline ventar tjuefire timar lenger fram. Slik er denne runddansen, som fanga meg for 41 å sidan.

Gjennom glaset ser eg at Flånebba har teke på seg eit tynt slør av kveldsdis, og lysa frå verket, som aldri søv, blenkjer inne i fjordbotnen. Det er på tide å ta kvelden.

Kanskje kjem eg til å drøyme om Hydro Cup.

Kommenter innlegget