Vi som kjempar for språket

Nils Ulvund – ein stor inspirator og vegvisar.

 

Ein laurdag i mars var eg invitert til årsmøtet i Nordmøre Mållag for å halde eit innlegg. At eg på same møtet skulle bli tildelt målprisen for 2017,
kom som ei stor overrasking. For å seie det mildt.

Men når eg no ein gong har fått prisen, er eg både stolt og takknemleg. Eg har alltid vore oppteken av språk, og i stadig sterkare grad har det gått opp for meg kor viktig det er at vi slår ring om det norske språket.

Skriftkulturen vår bygger på to likeverdige målformer. Når eg er medlem i Noregs Mållag og engasjert nynorskbrukar, er det ut frå eit grunnleggande språksyn som går ut på at vi også i framtida skal ha ein skriftkultur der nynorsk og bokmål lever side om side. For meg er i tillegg teikning av medlemskap i mållaget ei handling i solidaritet med nynorsken. Som ein del av ein norsk skriftkultur under press, er nynorsken enda meir sårbar enn bokmålet. Å stå opp for nynorsken, er etter mitt syn å stå opp for ein viktig del av norsk identitet og kulturarv.

Ivar Aasen starta den norske målreisinga midt på 1800-talet. Sjølv om det er lenge sidan, er kampen for full språkleg jamstelling likevel ikke ferdig. På ei rekkje område er det framleis ein veg å gå. Noregs Mållag har ein jobb å gjere. Samstundes har den klassiske norske målstriden, slik den historisk sett har arta seg, på mange måtar gått ut på dato. Vern om ein tospråkleg norsk skrifttradisjon krev at bokmål- og nynorskfolk står saman.

Når eg som tospråkleg skribent får målprisen, tek eg det som eit uttrykk for at mållaget også tenkjer i dei same banar. Eg har hatt mange samtalar med Nils Ulvund, den ivrigaste og mest vidsynte nynorskforkjemparen eg kjenner, om dette temaet. Nils har vald dialogen som sin fremste abeidsreidskap. For meg har han vore ein stor inspirator og vegvisar. Nils har aldri kritisert meg for å skrive bokmål. Derimot har han stimulert meg til å etter kvart bruke mykje meir nynorsk enn eg gjorde før.

«Eigentleg er du meir nynorskmann enn eg, du Lars Steinar,» har Nils fleire gongar sagt til meg. Eg skal la den mannjamninga ligge. Men uansett kan eg seie: Denne prisen deler eg med deg, Nils. Gjennom måten du arbeider på, og den entusiasmen du legg for dagen, er du verkeleg ei kraft som målreisinga anno 2018 treng.

#Språk #Nynorsk #Kultur

Kommenter innlegget