Seinsommarkveld

Det er siste laurdagskvelden i den siste sommermånaden. Vi har akkurat trekt inn i hytta etter ein makalaus fin dag på Tæla.

Veden er komen i hus. Og to nye vedstablar er på plass ved uthusveggen. Vi har hatt triveleg besøk av Jostein, Ragnhild og Elias. Seint på ettermiddag vart det ei stille stund nede ved Fossåa. Vi satt der i ein og ein halv time. Prata litt, såg på naturen og høyrde på det evige søget av Fossåa.

– Vi er heldige som kan oppleve dette, sa Mette.

Eg kunne ikkje ha vore meir einig.

Freden senkar seg over Tæla og Tælastuå i seinsommarkvelden. Vi i hytta nyt livet. Det er godt å vere to og saman doble gleda.

Kommenter innlegget