
Store trær er fint
og riktig gamle hus er fint,
men enda bedre –
fjell
Som ikke flytter seg en tomme
om hele verden enn forandres
Diktaren Rolf Jacobsen fekk aldri oppleve Donald Trump. Men på nesten profetisk vis skreiv han diktet «Mere fjell», som linene innleiingsvis er henta frå.
Snart skal ein styrtrik tulling ta over styringa av verdas mektigaste stat. Vi treng noko å halde oss fast i, når den globale politikken blir flytta til twitter og mannen som skal sove med den amerikanske atomkofferten under senga er mest kjent for å handle på impuls og i affekt.
Rolf Jacobsen sitt dikt byrjar slik:
Av og til
må noe vare lenge,
ellers mister vi vel vettet snart,
så fort allting snurrer rundt med oss.
Nei, ikkje mist vettet. Finn heller eit fjell som du kan kvile blikket og vettet mot.
Sultoppane står der. Dei flyttar seg ikkje ein tomme. Så lenge eg kan gå opp på Fintenkjarplassen og sjå mot Sula og alle dei andre fjella, skal eg greie å bevare forstanden.
Uansett kva Trump måtte finne på.
#Trump #Fjell