Eg har dreve lite med fintenkjing dei siste vekene. Arbeidsdagane har gått med til å rydde opp etter ein gjeng sunnmøringar som ikkje forstår seg på avisdistribusjon. Det har vore både mindre pent prat og flust av destruktive tankar. Grovtenkjing – i dobbel tyding.
Når abonnentane ikkje får avisa, er det krise. Det er det verste som kan skje.
Gjennom snart førti år i media har eg vore med på mykje rart. Ein del av dette er minne som eg i dag kan le av. Andre hendingar har vore av det meir krevjande slaget.
Her er eit par døme: Da vi, unge og lovande som vi var, starta Indre Nordmør før 37 år sidan, vart det mange motbakkar å forsere. Tjue timars arbeidsdag var ikkje uvanleg, tilsette overnatta på kontoret og forskjell mellom ørk og helg eksisterte ikkje den første tida. Likevel er eg stolt av det vi utretta dei tre åra eg var med. Gleda over heile tida å ta nye steg gjorde at vi sto på.
Seinare hamna eg i avisa Fylket. Der var det godt med ressursar på den tida. Men avisbransjen har den eigenarten at det med jamne mellomrom skjer rare ting. Fylket var ikkje noko unntak. Det forhindra ikkje at det også der dukka opp motbakkar, Ein gong da vi laga temaavis i samband med Bollimartna’n var annonsemengda så voldsom at vi nokre timar før deadline såg at avisa aldri kom til å bli ferdig i rett i tid. Kva gjer ein da? Ja, redaktøren, altså eg, ringte NRK Møre og Romsdal og spurde om dei kunne ta med ei melding om at avisa Fylket ikkje ville kome ut neste dag p.g.a. «tekniske problem». Eg møtte berre velvilje, og ut på ettermiddagen kom meldinga om at «redaktør Lars Steinar Ansnes i Fylket opplyser at avisa ikkje kjem ut torsdag grunna tekniske problem. Redaktøren reknar med at abonnentane vil få avisa fredag».
Av og til er det berre blank løgn som hjelper.
Typografen vår arbeidde heile natt til torsdag og vart ferdig tidsnok til at vi fekk ut avisa på fredag.
Eg kunne ha laga ein kilometer lang blogg om utfordringar, motbakkar og unnabakkar gjennom eit lang avisliv. Og som sagt, eg har vore med på mykje rart. Det eg her har fortald om var gale nok da det sto på. Men oppi galskapen opplevde vi at strevet ga resultat, og at arbeidet ga meining.
Da er det verre i desse dagar. Etter eit år der vi i Aura Avis har prestert langt over det