Ein levande tradisjon

Kanskje veks ikkje det digitale treet inn i himmelen likevel?

Etter å ha redigert ferdig 2016-utgåvene av «Jul på Nordmøre» og årsskriftet til Stangvik Historielag, er dette ein tanke som slår meg. «Jul på Nordmøre» selde meir enn nokon gong i fjor, og i år var tilgangen på stoff til Stangvik-heftet så stor at vi måtte auke sidetalet.

Den siste månaden har eg trøydd tida med desse hefta. «Jul på Nordmøre» er alt sendt til trykkeriet, medan fenomenale Åge på Mediahuset i desse dagar legg siste hand på det andre. Så er også det klart for trykking.

Etter at Eistein Bæverfjord brått gjekk bort i sommar, tok eg over vervet som leiar i skriftstyret for «Jul på Nordmøre». Eg var så heldig å få gå i ein god skule saman med Eistein nokre år, så eg håpar og trur dette skal gå bra. God hjelp frå dei andre i skriftstyret har også vore ei stor lette i arbeidet.

Marit Haugen på Kvanne gjer ein kjempejobb som drivkraft for årsskriftet til historielaget. Ho samlar inn stoff året rundt, og har full kontroll. Som redigerar kjem eg langt på veg til dekka bord.

Den digitale utviklinga går sin gang. Men salstala og tilbakemeldingane vi får på desse hefta fortel meg at det skrevne ordet på papir også har ei framtid. Det er ikkje tale om enten eller.

Sjølv om det i ein periode går med ikkje så få kveldar og nattetimar, er eg privilegert som får samarbeide med så mange kunnskapsrike personar og halde på med dette. Julehefta kviler på ein lang tradisjon. Det er meiningsfylt å kunne vere med på å føre den vidare.

Dette skreiv eg i fjor: http://fintenkjarplassen.blogg.no/1445290163_verdifulle_tradisjone.html

Kommenter innlegget