Slutt for i år

Syklusen går sin gang. Hyttesesongen på Tæla er over for i år.

Søndag gjorde vi Tælastuå vinterklar. Veret minna ikkje mykje om haust. Men av røynsle så veit eg at brått så kan det snu på denne tida. Det er best å vere føre var.

Sju månadar har gått sidan palmehelga, da vi gjorde første turen dette året. Eg tykkjer ikkje det er lenge sidan. Men tida går fort. Uansett så viser hytteboka at eg var vore oppe på Tæla i til saman meir enn to av desse månadane. Eg tykkjer ikkje det er så verst. Også Mette har grunn til å vere stolt. Ho har gått opp og ned liene nesten like mange gongar som eg sidan påskeveka. Og ikkje minst: Det er hennar forteneste at vi denne sommaren fekk gjort ei ansiktsløfting inne i hytta. Rett så fint vart det.

Som alle andre år sit vi att med takksemd og mange gode minne etter hyttesesongen. Livskvalitet, glede, samhald og samarbeid. Det er godt å leve oppe på Tæla.

No kjem seinhausten og vinteren. Lenger framme ventar våren og lyset. Da er vi klare for ein ny hyttesesong.

I fjor haust skreiv eg ein epistel på Fintenkjarplassen i høve avslutninga oppe på Tæla. Da siterte eg frå Hyldbakk sitt dikt «Haustadag». Eg rundar av med dei same verselinene i år også:

Alt det gamle skal forgå,
kviskrar det frå blad og blomar.
Men i faret frå din somar
skal det nye liv oppstå.

Kommenter innlegget