
Eg trudde ikkje det var mogleg å bli kjent med eit tre. Men når det gjeld desse to rognene oppe på Tæla, trur eg jammen at eg og dei har vorte for vener å rekne.
Dei gjer ikkje så mykje ut av seg i den mektige trollheimsnaturen. Litt sjabre har rognene også vorte etter kvart. Men enno ber dei både lauv og bær. Eg håpar og trur at dei vil halde ut i mange år enno,
Gjennom dei siste 25 åra har eg passert rognene om lag tusen gongar, der dei står like ved «Vegen etter Peder Kvendbø». Eg møter dei på veg til hytta, og vi vekslar alltid blikk når eg forlet Tæla.
Strengt tatt har vi vel ikkje sagt så mykje til kvarandre. Vel, eg må innrømme at det har vorte nokre «hei» og «nei, stå de her i dag også» opp gjennom åra. Men dei store samtalane har vi ikkje gjeve oss ut på. Det er heller ikkje nødvendig i eit sterkt venskap. Vi forstår kvarandre, eg og dei to rognene.
Eg set pris på desse landemerka, som passar på oppe på Tæla når eg er borte.