Det uunngåelege skjedde

Eg har kvidd meg lenge på at det uunngåelege skulle skje. Søndag var dagen komen. 

Etter ei triveleg helg på Tau saman med dotter, svigerson og barnebarn, byrja eg seint søndag kveld, oppstemt og glad, å gå igjennom posten. Og der, der låg konvolutten eg hadde frykta. «Vi over 60» skreik det mot meg med store bokstavar. Til overmål var logoen utstyrt med den spydige undertittelen «Sprekere enn du tror». Slaget i mellomgolvet tok nesten frå meg pusten. Det var ikkje slik, som ein stigmatisert gammelkar, eg hadde tenkt å avslutte denne helga. Søndagskvelden tok ei brå vending. På reint trass henta eg ein boks med pils i kjøleskapet, for verkeleg å vise dette uhyret av ein konvolutt at her er det ungdommelege livsmotet intakt. Og vel så det 

Min beste halvdel sa ikkje noko. Ho kjenner meg, og forstod at situasjonen ikkje eigna seg til diplomati eller psykologisk trøystetale. Dessutan var det ho som henta posten, og slik øydela heile heimkomsten. Eg fann det rettast ikkje å spørje ho om korleis det sto til med skuldkjensla.

Eg opna ikkje konvolutten, og kjem aldri til å gjere det. Eg treng ikkje å abonnere på noko fagtidsskrift om prostataplager, sengevæting, hofteprotester og høgt blodtrykk. I alle fall ikkje enno. Nei, ikkje på mange år.

Ølet eg tek inn, kjem ut att på naturleg vis og i kontrollerte former.

Alt er på stell.

I helga skal eg tømme dassen oppe på Tæla. Du må ha både fysikk og psyke i orden for å gjennomføre ein slik skitjobb. «Vi over 60» treng ikkje å kaste bort meir porto på ein ungdom som meg.

 

 

Kommenter innlegget